Hopp til innhold

KrF-topp er uroa – fryktar fylket skal miste sitt eige politidistrikt

Sogn og Fjordane politidistrikt kan bli slått saman med Hordaland. Det fryktar stortingskandidat for KrF, Trude Brosvik, som no vil ha alle fakta på bordet.

Trude Brosvik

UROA: Trude Brosvik fryktar Sogn og Fjordane kan miste sitt eige politidistrikt. Ho vil vite om det går føre seg prosessar som ikkje er kjent i offentlegheita.

Foto: Bård Siem / NRK

Det har ei stund vore kjent at Sogn og Fjordane kan miste Alarmsentralen i Florø, og at denne i framtida kan bli lagt under Bergen.

Samtidig jobbar ei arbeidsgruppe med ein gjennomgang av politiet si organisering og ressursbruk.

Då prosjektleiaren for naudnettet heldt ei orientering i Førde sist veke, kom det fram at eit av argumenta for å flytte Alarmsentralen er at liknande prosessar også kan vere aktuelle i politiet.

Dette får Brosvik til å reagere. Ho fryktar Sogn og Fjordane kan miste sitt eige politidistrikt, og lurer på om det går føre seg prosessar som ikkje er offentlege.

Overraska over svar frå prosjektleiar

Under KS- konferansen i Førde sist veke gjekk leiar for naudnettprosjektet, Jan Helge Kaiser i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, gjennom argumenta for kvifor dei vil flytte alarmsentralen frå Florø til Bergen.

Trude Brosvik (KrF) stilte då spørsmål om kvifor det er naudsynt å flytte til Bergen når det aller meste likevel går føre seg over nettet.

– Eg utfordra han på eit enkelt og direkte spørsmål, i forhold til at om kontora skulle samlast, om det ikkje like gjerne kunne vere i Florø, som i Bergen, fortel Brosvik.

Svaret ho fekk frå Kaiser overraska ho.

– Svaret hans var at det for det første var meir kompetanse i Bergen. For det andre, og det var det som overraska meg, så sa han at dette var i samsvar med andre omorganiseringsprosessar som gjekk føre seg.

– Då tenkjer eg, då driv staten på med å flytte fleire kontor frå Sogn og Fjordane til Bergen enn det dei har vore ute å snakka høgt om, seier han.

– Har sett på andre bevegelsar i samfunnet

I eit intervju med NRK gjentok Kaiser argumentet for flyttinga av Alarmsentralen i Florø til Bergen.

– Vi har sett på andre bevegelsar i samfunnet, det kan vere for eksempel politiet sin prosess for å restrukturere politidistrikta.

– Vi trur at ved å legge plasseringa slik vi no har gjort, så er det den riktigaste og beste strukturen for framtida, seier han.

– Sikraste og beste løysinga

Samtidig går det altså føre seg ein gjennomgang av politiet, både når det gjeld ressursbruk og organisering.

Regjeringa sette i november i fjor ned utvalet som skal gje ei innstilling om ein langsiktig plan om utvikling av politiet. Den såkalla Politianalysen skal vere ferdig innan juni i år, og regjeringa planlegg å legge fram sitt framlegg i samband med statsbudsjettet for 2014.

Kaiser vil ikkje gå nærmare inn på kva han veit om politiet sine prosessar.

– Det blir for tynt for meg å slå noko bombastisk fast, men vi har sett på andre prosessar og gjort greie for det i vårt varsel om vedtak.

– Då trur vi at den løysinga vi no kjem med er den sikraste og beste løysinga for innbyggjarane, og den som vil gje ei optimal naudalarmteneste, seier Kaiser.

(Artikkelen held fram under biletet)

Johan Brekke

FERDIG: I slutten av mars er åremålet til Johan Brekke som politimeiser i Sogn og Fjordane ferdig. Førebels er ikkje stillinga hans lyst ut.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Har ikkje lyst ut stilling som ny politimeister

Men fleire har også stilt spørsmål om kvifor stillinga som politimeister ikkje er kunngjort enno. I slutten av mars er åremålet til Johan Brekke som politimeiser i Sogn og Fjordane ferdig.

At politidirektoratet ikkje har søkt etter ny politimeister har sett fart i spekulasjonane om politidistriktet har ei framtid.

NRK var i kontakt med politidirektoratet om mogleg samanslåing av politidistrikta første gong torsdag 8. februar. Ingen har til no hatt høve til å kommentere saka utover at Brekke si stilling er planlagt kunngjort.

– Hårreisande

Brosvik kjenner seg framleis ikkje trygg.

– Dette gjer meg veldig uroa for kva dei har planlagt i forhold til politiet.

– Om dei driv med slike prosessar som ikkje ein gong er offentlege, i forhold til så viktige samfunnsområde og ting som er så viktige for innbyggjarane i Sogn og Fjordane, så er dette eigentleg heilt hårreisande.