Hopp til innhold

Skeptiske til dyrt nytt naudnett

Det nye naudnettet vil koste kvar einaste kommune fleire hundre tusen kroner. Fleire brannsjefar er skeptiske til kostnadene.

Jarle Dragesæt og Bernhard Øberg

SKEPTISKE: Både Jarle Dragesæt og Bernhard Øberg er skeptiske til kostnaden for det nye naudnettet. Men brannsjefane har ikkje noko anna val enn å betale.

Foto: Montasje: Stubhaug/Lillesvangstu / NRK

Snart skal politi, brann og helsevesen få seg nytt digitalt naudsamband. Det vil bety ei saftig ekstrarekning for kvar kommune.

Brannsjef i Stryn Jarle Dragesæt trur rekninga berre i hans kommune den vil bli på mellom 200.000 og 300.000 kroner.

– Det er klart det kostar pengar dette her, og vi er ikkje så glade for den biten.

– No driv vi å skal skjære ned på alt mogleg her, seier han til NRK.no.

Må betale årlege lisensutgifter

Men brannsjefen i Stryn har ikkje noko anna val enn å betale rekninga som snart kjem i samband med det nye naudnettet.

Når det nye naudnettet blir innført kjem det store årlege lisensutgifter for kommunane.

Kvar kommune treng personsøkjarar, radioar og anna til brannmannskap og andre som må vere tilknytt nettet, og for kvar enkelt gjenstand blir det ein årleg leigesum.

– Dei har det med det å putte ein del utgifter over på kommunane. Vi har ikkje så mykje vi skulle ha sagt verkar det som, seier Dragesæt.

Høgare utgifter enn venta

Også i Førde trur brannsjef Bernhard Øberg at rekninga blir minst 230.000 kroner. Han meiner det er uventa mykje.

– Det har vore signalisert at det kom ei lege, mein ein har vel ikkje vore klar over at leige blir såpass stor, seier brannsjefen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Nødnettet

BETRE: Det nye naudnettet skal betre kommunikasjonen mellom dei ulike naudetatane.

Foto: Holm, Morten / NTB scanpix

Veit ikkje om det er verdt prisen

Det nye naudnettet skal erstatte dagens radiosamband og vere avlyttingssikkert og enklare i bruk.

Det skal også føre til enklare samband mellom brann, helse og politi. Men sambandet blir òg møtt med skepsis, mellom anna viser utprøving at det fungerer dårleg inne i betongbygg og mange tunnelar kan kome til å mangle dekning.

Øberg skulle helst sett at staten tok på seg den nye utgifta og er i tvil om sambandet er verdt prisen.

– Ikkje om du ser isolert sett i forhold til det radiosambandet som vi har i dag, som for så vidt fungerer bra.

– Kanskje vi hadde teke litt meir vel i mot naudnettet om staten også hadde teke leigeutgiftene, seier han.