Hopp til innhold

FotoKnudsen-konkurs kan føre til nok ein konkurs for Helle Foto

Konkursen til FotoKnudsen i Bergen kan få følgje også for fotobutikkar i Sogn og Fjordane.

FotoKnudsen stenger butikkane

KONKURS: FotoKnudsen har stengt butikkane, og no lever 15 partnarbutikkar kring om i landet i uvissa om kva konkursen får å seie for dei.

Foto: Kjetil Rydland

Familieverksemda har 23 butikkar i Norge, og mellom 15 partnarbutikkar er Helle Foto i Førde og Skrivegarden i Øvre Årdal.

Etter å ha gått 11 millionar kroner i underskot i fjor, bad styret i Fyllingsdalen Foto AS (tidlegare FotoKnudsen) om å bli slått konkurs måndag.

– Det er klart at dersom det ikkje kjem nye ting i biletet, så blir det dramatisk for oss, seier Vidar Helle.

– Skremmande

Helle var også for tre år sidan igjennom ein konkurs, men starta då opp att verksemda si i Handelshuset i Førde. Det har vore kjent ei god stund at FotoKnudsen har slite økonomisk.

I alt 232 tilsette misser jobben i foto-konkursen .

– Dette berre vitnar om kor tøff marknaden er i fotobransjen for tida. Det er litt skremmande, for slik eg ser det så har ikkje FotoKnudsen gjort mange feil. Dei har gode prisar, gode produkt og god design, seier han.

Viktig partnerskap

Det har lenge vore kjent at familieverksemda som vart etablert i 1958 har slite med økonomien, og i Førde har Helle frykta at det kunne gå denne vegen. No registrerer han at fotomarknaden er ein norsk tradisjonsrik aktør fattigare.

Enn så lenge vil butikken i Handelshuset halde ope som vanleg. Helle seier at han førebels berre er kjend med konkursen gjennom det han har lese i media, men legg til at han er uroa for verksemda med tre tilsette.

– Partnarskapen med FotoKnudsen har vore veldig viktig for oss. Det er det ikkje noko å lure på, seier han.

Vil finne løysingar

Administrerande direktør i FotoKnudsen, Ole Bjørn Knudsen, seier at dei har kring 500 millionar private bilete lagra i databasen.

Ved sidan av stillstand i produksjonen, jobbar dei no med å finne løysingar som gjer at kundane ikkje blir ytterlegare skadelidande av konkursen .

– Vi håpar at bustyraren vil sjå at det er viktig å ta vare på folks minne, og eg vil tru at vi finn gode løysingar som gjer at ingen kundar blir skadelidande i denne samanheng, seier han.

Spennande dagar

Eurofoto

TRYGG: Ved Eurofoto fryktar ikkje avdelingsleiar Rolf Kjetil Egge for eksistensen til verksemda.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Hos Eurofoto på Reed i Gloppen, trur avdelingsleiar Rolf Kjetil Egge at ein vil finne ei løysing som kan stable FotoKnudsen på beina att.

Fotoverksemda er eigd av Japan Foto, som omset for kring ein halv milliard kroner i året og er Skandinavias største aktør med aktivitet i Norge og Sverige.

– For vår del betyr dette at det er ein stor konkurrent som har gått konkurs. No blir det spennande å sjå dei neste dagane og vekene om det blir vedvarande, eller om dei får starte opp att med dei kundane dei har, seier Egge.

– Eg trur dei vil finne ei løysing i FotoKnudsen, legg han til.

– Vore tøft i mange år

– Skulle nokre av kundane deira ville komme til oss, så tek vi imot med opne armar. Men eg trur nok dei vil finne ei løysing i FotoKnudsen, legg han til.

Som Helle i Førde har Egge sett signala i lang tid, og registrerer at fotomarknaden er tøff.

– Fotobransjen har vore tøff i mange år, og det var store omleggingar frå analog film til digitalkamera. Heile bruksmønsteret har endra seg, men vi har fokus på våre kundar, våre tenester og produkt, seier han.

Fryktar ikkje

Egge trur det er ei uaktuell problemstilling for Japan Foto å kjøpe opp den konkursråka fotogiganten i Bergen.

– Då trur eg Konkurransetilsynet ganske raskt ville sett ned foten. Då ville det vere dei to største aktørane som ville gått saman, seier han.

For Eurofoto, som årleg omset for kring 30 millionar kroner og har 20 tilsette på Reed, fryktar ikkje Egge for framtida.

– Eurofoto, som ein del av Japan Foto, står veldig trygt. Vi viser jamn og god utvikling og det er ingenting som tyder på at vi vil oppleve liknande i vårt system, forsikrar han.