Hopp til innhold

Sjefsknotaren lagt på hoggestabben i heimbygda

Det var mange i Hornindal som i helga sperra opp augo. Med eit fjernsynsteam på slep vart bygdas store son, Frode Grodås, hetsa av sine eigne.

Frode Grodås fekk pris for knotinga si på 90-talet. I den nye serien DialektRiket får han dom.

SJÅ VIDEO: Frode Grodås fekk pris for knotinga si på 90-talet. I den nye serien Dialektriket får han dom. (FOTO: Birger Meland/NRK)

At Frode Grodås har gjeve slepp på honndølsdialekta si, er i beste fall ein dårleg skjult løyndom.

Når Dialektriket kjem på norske TV-skjermar til hausten, er det med sjefsknotaren, den tidlegare keeperkjempa, i ei av hovudrollene.

– Eg har knoteprisen frå 90-talet, så det er ei fornying og forsterking av den. Ein får berre ta det med litt glimt i augo, og gi litt av seg sjølv, gliser Grodås.

Vil flytte opp

I Dialektriket reiser fjernsynsteamet, med programleiar Yasmin Syed i front, kring i dialektriket Norge. På jakt etter dialektar og kva betydning den har for ulike folk.

Som til dømes den tidlegare landslagskapteinen Grodås og familien hans.

– Det har vore heilt fantastisk. Ikkje berre han, men alle vi har møtt i Sogn og Fjordane har vore opne og teke imot oss med opne armar. Det er mest som eg vurderer å flytte opp her, ler Syed.

Mykje kjensler

Serien er på seks program. Syed fortel om eit program med ulike kjensler knytt opp mot dialektar.

Ein del av serien blir også frå Bremanger, der det handlar om skarre «r».

– Glede, stoltheit, skam, svik, frykt og sorg. Det er mykje ulikt ein skal innom. Men det er utruleg morosamt. Berre det å reise kring om og få møte desse flotte menneska, seier programleiaren.

Fekk ny pokal

Denne helga var produksjonsteamet i Hornindal, der Grodås vart «utskjelt» av sine eigne. Mor Karolina Grodås fortel at ho brukte å slå av fjernsynet når sonen vart intervjua. Rett og slett fordi ho ikkje klarte å høyre på knotinga til keeperen.

Grodås har tidlegare erkjent at han mista kontrollen på språket sitt då han reiste til Oslo som lærar på 90-talet. I 1993 fekk honndølen knoteprisen.

– Eg har vore slik at eg kan samle på dei prisane eg kan samle. I dag fekk eg ein ny pokal, og er på nytt meister i knoting, ler 48-åringen.

Ikkje vondsinna

Grodås vedgår at han har fått litt «tyn» for dialekten sin i løpet av tida. Men han føler ikkje at det er vondsinna.

– Eg trur heller at det er eit ynskje om at eg skal snakke skikkeleg honndøl, seier han.

– Klarer du det no?

– Nei, det trur eg ikkje at eg klarer lenger, men kanskje det ligg lagra der i ryggmargen ein eller annan stad. Det er litt slik at det du øver på, det blir du god på.

Hoggestabben

Knotinga har ikkje berre gjeve Grodås pris. Under det siste besøket i heimbygda, vart landslagstrenaren endå til lagt på hoggestabben. Med ordførar Anne-Britt Øen Nygård ståande over, med ei øks i handa.

Korleis det heile endar står att å sjå når serien kjem på skjermen i haust. Men Grodås gler seg.

– Eg berre håpar eg overlever. Det er ikkje sikkert det. Ordføraren er skummel, og ein farleg person. Her kan alt skje, humrar han.