Arrangørane lovar snø i store mengder og lokkar med konkurransar, toppturar, frikøyring, skifilmar og mykje moro. Balestrand Open blir i år arrangert for andre gong, og i år er arrangementet langt større enn i fjor.
Erik Hoel sit i arrangementskomiteen og seier dei håpar å vise fram den fantastiske naturen og skimoglegheitene dei har rett utanfor stoveglaset.
– Det finst mange flotte skistader, men det vi har her er heilt unikt. Du får kjensla av at du svever ut i fjorden når du hoppar på ski oppe i fjellet her, seier han til NRK.no.
I helga vart det bygd hopp skianlegget i Saurdalen for å gjere klart til konkurransane. Petter Bolstad og Per Christian Fosse var med på bygginga saman med mellom anna skogsjefen i Balestrand kommune, Jørgen Hundseth. Sjå video øvst i saka.
Konkurranse og sirkus
Frå 22. februar til 3. mars går Balestrand Open av stabelen. Den første helga blir det arrangert ein såkalla Big Air-konkurranse, der arrangørane ventar at fleire store namn skal delta. Konkurransen inngår i AFP World Tour, der store konkurransar som også X-Games i Aspen inngår. Her set utøvarane utfor store hopp og viser fram forskjellige triks i lufta.
Hoel seier dei framleis ikkje veit heilt kven som faktisk kjem, men seier det blir mange proffar å sjå i gatene denne helga.
Helga etterpå er det på nytt duka for konkurranse i Big Air, men då er det ope for alle.
– Då kan gamle og unge, erfarne og uerfarne vere med. Det er hopp av forskjellige storleikar, og vi kallar det berre sirkus, seier han med eit smil.
– Dei som skal vere med skal ikkje få nervar, men det skal vere leik og moro, seier Hoel.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
Fascinerte av nærleiken mellom fjord og fjell
Bakgrunnen for at Balestrand Open kom i stand er TV-programmet Oppdrag Sognefjord. Gjennom sju program fekk ein sjå korleis ei gruppe ekstremsportutøvarar reiste innover Sognefjorden for å boltre seg i fjella rundt.
Då dei skulle vise fram triks og luftige svev valde dei nettopp Balestrand og skianlegget i Saurdalen for å byggje kulissene for hoppinga. Medprodusent Petter Bolstad og ein av verdas beste freestylekøyrarar, Per Christian Fosse, fekk verkeleg sansen for det dei såg.
– Dei blei veldig fascinerte av naturen her, og dei kunne ha valt kva som helst slags plass i Sogn, men dei valte Balestrand.
– Dei meinte det var heilt spesielt her med den nærleiken mellom fjord og fjell, fortel Hoel til NRK.no.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Vil vise fram Balestrand som vinterstad
Eit samarbeid kom i stand, og i fjor vart Balestrand Open arrangert for første gong. Når det er duka for andre versjonen om to veker er programmet utvida, seier Hoel.
– Vi har mange ting på gang. Vi har involvert overnattingsplassane, matservering, ungdomslag og ja, heile bygda, seier Hoel.
Han legg ikkje skjul på at det er viktig for bygda å få til eit slikt arrangement. Både fordi det er noko positivt som skjer, men også fordi dette kan bety at Balestrand kan bli sett på kartet som vinterdestinasjon.
– På sikt kan dette blir noko vi kan satse på. Balestrand er kjend for sommarturisme, men det er lite som skjer på vinteren.
– Men det er mange som etter kvart ser moglegheitene og at Balestrand Open kan gjere bygda meir kjent og attraktiv, seier han.
(Artikkelen held fram under biletet)
Håpar mange tek turen
Han trur arrangementet også kan vere med å vise ungdomen at bygda er verdt å kome tilbake til.
– Som mange andre småbygder opplever vi at det er fleire som flyttar vekk enn som flyttar hit, seier Hoel.
Når startskotet for arrangementet går den 22. februar håpar arrangørane at både dei som vil sjå på spektakulære hopp, og dei som vil prøve seg sjølve, tek turen.
– Vi håpar mange vil reise opp i anlegget og sjå kor unikt dette er, men at det også kjem folk for å sjå på dette. Det er idrett på høgt nivå, seier Hoel.