Hopp til innhold

Ein liten bit i Aksel-gullet

Eirik Bergheim Hole (24) frå Førde er mellom dei som kan seie at han har vore med på å hjelpe Aksel Lund Svindal til VM-gull i utfor i Schladming.

Eirik Bergheim Hole i Schladming

UTSYN MOT UTFORLØYPA: Eirik Bergheim Hole hadde tilhald her i ei veke med utsyn mot utforløypa i Schladming.

Foto: Per Haugen

Som del av det norske VM-teamet har han hatt tilhald på motsett side av dalen, saman med Per Haugen frå Vereide i Gloppen har han filma utforkøyrarane på lang avstand gjennom heile veka før utforrenna laurdag og søndag.

– Vi tok video av gjennomkøyringane, av alle dei gode løparane, så la vi det inn på ein pc og såg på kva som går fort og kva som ikkje går fort hos våre samanlikna med dei som køyrer fortast.

Aksel Lund Svindal

JUBEL FOR GULL: Aksel Lund Svindal.

Foto: ALEXANDER KLEIN / Afp

– Hente hundredelar

Dette blir det mykje informasjon ut av, men for at det skal vere til nytte for løparane må Eirik og Per snevre det heile inn, slik at trenarane kan fortelje Aksel Lund Svindal kvar han kan hente hundredelar.

– Så brukte Aksel dette for å forbetre seg gjennom veka før rennet.

Som alle sportsinteresserte no veit så tok Aksel Lund Svindal VM-gull med god margin til dei næraste konkurrentane, og Eirik Bergheim Hole veit at Svindal verdset det førearbeidet som han har vore med på.

– Trenarane og Aksel set pris på dette vesle ekstra som skal til for å gjere det ekstra bra, vi var veldig nøgde då det vart gull, det kunne ikkje ha blitt betre.

Dameutfor vart nedtur

– Var det stor feiring etter gullet?

– Det var det, men vi var berre med på litt av feiringa, for vi måtte vere på hogget når damen køyrde utfor søndag.

– Der gjekk det ikkje like bra?

– Nei, det var ikkje noko å skrive heim om.

Det var VG som fortalde om rolla Eirik Bergheim Hole og ein kollega har hatt i VM.

(Artikkelen held fram under biletet).

Eirik Bergheinm Hole

HJELPTE AKSEL: Eirik Bergheim Hole.

Foto: Olympiatoppen.no

Faren køyrde verdscup-utfor

Eirik Bergheim Hole er sonen til Even Hole , som er den einaste frå Sogn og Fjordane som har delteke i verdscupen i utfor. Han har sjølv vore aktiv alpinist, men har no fått ei rolle som medhjelpar.

– Sjølv om eg ikkje skal køyre sjølv så får eg den kjensla når konkurransedagen kjem at det er no det gjeld, vi har gjort det vi kunne, så då er vi spente på utøvaren sine vegner. Men det er utruleg deilig når ting går bra, og tilsvarande skuffande når det ikkje går bra.

Han har utdanna seg på Norges Idrettshøgskule, og er no sportssjef på basislinja på Wang Toppidrett, i tillegg jobbar han for Norges Golfforbund med fysisk trening, og han har ei deltidsstilling for Olympiatoppen.

Per Haugen, som er oppvaksen i Gloppen og var aktiv alpinist på den tida far til Eirik suste ned utforløypene, er i dag universitetslektor på Norges Indrettshøgskule.

Måndag var Eirik Bergheim Hole og Per Haugen på veg heim til Norge, for no er alle renna i fartsdisiplinane i VM over, og dermed også hans oppdrag i Schladming.

Schladming

SOLA OPP OVER VM-LØYPENE: Fin stemning, men ikkje heilt ideelle lysforhold for dei som skulle filme utforkøyrarar.

Foto: Eirik Bergheim Hole