Hopp til innhold

12-åring mangla to kroner - måtte gå av bussen langt heimefrå

12 år gamle Birgitta Vidirsdottir mangla to kroner til bussbilletten og måtte gå av fem kilometer frå heimen sin.

Faren Vidir Bjørgvinson er rysta og hevdar at bussjåføren er uansvarleg som set av ein tolvåring i 10 minusgrader seint på kveld.

– Å kaste 12 år gamle jenter av bussen i mørket er det siste ein skal gjere. Og dette på grunn av to kroner, seier ein irritert pappa.

Blei rasande

Tolv år gamle Birgitta Vidirsdotter hadde vore på turning på Nordfjordeid og skulle ta bussen heim til Lefdal. Billetten kostar 35 kroner, men Birgitta mangla to kroner. Ho gjekk av på Haus, nesten fem kilometer heimefrå. Faren til jenta meiner dette aldri burde skjedd.

– Eg blei rasande då eg høyrde dette, seier han.

Ville stå klare med to kroner

På bussen ringde jenta til foreldra og fortalte at sjåføren kom til å sette ho av på Haus. Faren bad jenta om å gå fram i bussen til sjåføren og seie at foreldra kunne stå klare på Lefdal med dei resterande to kronene.

Dette ville ikkje sjåføren, hevdar faren. På Haus stoppa sjåføren bussen og jenta gjekk av. Der vart ho henta av foreldra.

– Ho skulle ut i mørket på denne vegen. På vegen er det også ein tunnel det ikkje er lov å gå gjennom, seier Bjørgvinson.

Seier slikt ikkje skal skje

Regionsdirektør i Nettbuss Vest, Asgeir Myklebust, seier at dette ikkje er Nettbuss sin praksis. Sjølv om ein manglar nokre kroner til billetten, skal ein ikkje måtte gå av bussen.

– Nei, det er slett ikkje praksis eller innanfor reglane våre.

Myklebust meiner det må ha skjedd ei misforståing og seier sjåføren tykkjer det heile er leit.

– Han blei lei seg fordi at folk har oppfatta situasjonen slik, seier han.