Hopp til innhold

Skjemavelda vekkjer harme -mykje papir må til for å skaffe drosje

Mengder med skjema for å få tak i drosje vekkjer frustrasjon hjå fysioterapeutar.

Bjørn Lien

FRUSTRERT: Fysioterapeut Bjørn Lien i Eid må fleire gonger kvar dag bruke telefaks til helseføretaket sitt pasientreisekontor for at pasientane skal få drosje til klinikken hans.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Fysioterapeut Bjørn Lien i Eid må fleire gonger kvar dag bruke telefaks til helseføretaket sitt pasientreisekontor for at pasientane skal få drosje til klinikken hans. Lien kan ikkje begripe at ting treng å vere så komplisert.

– No har det gått over alle støvelskaft. Dette er sånn som kjem i tillegg til alt det andre vi skal gjere. Eg er ikkje utdanna byråkrat, men fysioterapeut, seier han.

Mange og detaljerte skjema

Bjørn Lien sit med ein bunke papir framfor seg og raudfargen i panna viser lett at han er oppgitt. For dei siste åra med omlegging av systemet med pasientreiser har ført til eit nytt meirarbeid i form av mange og detaljerte skjema.

Kvar dag har han to til tre pasientar som må ha drosje for å kome fram til klinikken. Men der det før var nok med ein telefon til den lokale taxisentralen, skal no kontoret for pasientreiser ha sitt, og dei vil ha mykje informasjon.

– Eg må fylle ut namnet og telefonnummer mitt, behandlingsstad, signere og skrive dato for signert rekvisisjon frå pasienten. I tillegg skal dei ha fødselsnummer, namn, adresse og telefonnummer til pasienten. Eg må fylle ut dato og tidspunkt for reisa og når pasienten er klar. Alt dette for å bestille ein taxi, der eg før ringde sjølv og sa vi trengde ein bil.

– Kva tykkjer du om alt dette?

– Eg er heilt lamma. Eg tykkjer det er rart at ingen har reist seg i flokk og protestert over galskapen, seier han.

– Dette har gått for langt

Lien seier kritikken ikkje går mot dei tilsette ved pasientreisekontora, men på eit system han meiner har gått for langt.

– I tillegg må dette faksast, eg trudde vi var ferdig med den tida for lenge sidan. Eg må også sende alt dette seinast klokka 13 seinast dagen før pasienten skal til behandling, seier han oppgitt.

Førte til meirarbeid

Det var i januar 2010 at ordninga med automatisk frikort vart innført. Den gjer at folk ikkje lenger treng å møte opp hjå NAV for å få tilbake eigendelar utover minstegrensa.

Men då måtte også pasientreisekontor over heile landet legge om sine system. Og krava frå pasientreisekontora har igjen ført til meirarbeid for enkelte, det vedgår Nils Helge Friborg som er avdelingsleiar for Pasientreiser i Helse Førde.

– Det er kanskje meir arbeid med det enn vi skulle ønskje at behandlarane måtte gjere. Det skal eg vere open på, seier Friborg.

Han seier at den enklaste måten å rekvirere drosje er å gjere det elektronisk, men då må ein vere tilknytt Norsk Helsenett på grunn av krav frå Datatilsynet, og mange fysioterapeutar er ikkje tilknytt dette nettet. Friborg seier det burde gjerast noko med.

Fem som jobbar med drosjekøyringa

I dag jobbar det vel 25 tilsette ved pasientreisekontoret i Førde. Fem av desse stillingane går med til å samordne drosjekøyringa i Sogn og Fjordane, til og frå fysioterapeutar, legar og sjukehusa.

Friborg seier det er spart mangfaldige millionar berre i Sogn og Fjordane på samkøyringa. Turane må også registrerast for at pasientane skal kunne få att pengar på frikortet.

Men Bjørn Lien meiner ting kunne vore gjort enklare, tidlegare var det nok med ein enkel telefon og eit langt mindre skjema.

– Dersom vi stilte med blanke ark, kan eg ikkje fatta at vi ville stå att med ei slik løysing vi har i dag.

100 000 reiser i året

Friborg seier han ser poenget til Lien, men at dei behandlar mange reiser i løpet av eit år.

– Vi sat og behandla om lag 30 000 reiser i året. I etterkant av det som skjedde med automatisk frikort, behandlar vi over 100 000 reiser. Det er fleire reiser som må gå via oss no enn før. Om det blir ei endring veit eg ikkje. Det skjer i alle fall ikkje på kort sikt, seier Friborg.