Hopp til innhold

Einebustad blei fylt med røyk - to born og to vaksne til sjukehus

To vaksne og to barn er innlagde på sjukehus etter røykutvikling i ein einebustad i Jølster. Brannsjefen seier røykvarslarane redda liv.

Brann i hus i Jølster

SMELTA LAMPE: Det blei store skader i rommet der det var røykutvikling. Både tak og veggar er heilt svarte.

Foto: Privat

Brann i hus i Jølster

SKADER: Røykvarslarar og rask innsats frå brannvesenet gjorde til det ikkje gjekk verre.

Foto: Privat

Det var like før klokka to natt til måndag at politiet fekk meldinga om at det var røykutvikling i huset på Eikås.

Det var fire personar i huset, to små born og to vaksne. Då brannvesenet kom til staden, stod dei fire på ein altan i andre etasje.

Huset blei raskt lufta ut då brannvesenet kom til staden, og dei fire i huset kunne bruke trappa for å komme seg ut.

Det er mogleg at dei har pusta inn røyk, difor blei dei lagt inn til observasjon.

Full utrykking

Brannvesenet var på plass 15 minutt etter at alarmen gjekk. I tilllegg blei brannvesenet i Førde kalla ut, men dei returnerte før dei var framme. Dei fekk raskt kontroll over brannen, men einebustaden har fått ein del røykskadar.

Brannsjef Bjørn Steinsund seier det var ei alvorleg melding dei fekk då alarmen gjekk.

– Når to vaksne og to born står på terrassen i 15 minusgrader og dei i tilegg har blitt eksponert for røyk, så er det dramatisk, seier han.

Etter at brannstaden var lokalisert, bles vi ut røyken med ei vifte.

– Vi brukte noko som heiter overtrykksventilering. Det er veldig effektivt for å få ut røyken, seier Steinsund.

Smelta lampe

Han seier at røykutviklinga starta på eit kontor med datautstyr. Det var mykje røyk i rommet, og det er varmeskadar både på inventar, tak og veggar.

– Det var heilt svart tak og svarte veggar. Taklampa var smelta, så det er snakk om høge temperaturar. Heldigvis blei det ikkje full overtenning.

Brannsjefen i Jølster er klar på ein ting; sjekk batteria i røykvarslarene dine.

– Det var røykvarslarane som redda liv i natt, det er heilt sikkert. Eg rår til at alle sjekkar batteria i varslarane sine.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.