Hopp til innhold

Ivrige born kosa seg med akrobatikk på sirkusskule

Sjonglering og akrobatikk stod på timeplanen under sirkusskulen på Kaupanger i helga. Om lag 20 håpefulle små fekk prøve seg saman med profesjonelle artistar.

Det er den tidlegare sirkusdirektøren Jan Ketil Smørdal som stod bak ideen om ein sirkusskule for born. Han seier det er veldig viktig å utfalde seg og prøve kva ein kan gjere med eigen kropp.

– Eg tykkjer det er glimrande. Mange born sit så mykje med datamaskinar og spel. Dei unge har godt av lære sjonglering og balansering – å kome seg ut og bruke kroppen, seier han.

Hadde eige sirkus

Sirkusskule på Vesterland

SIRKUSDIREKTØREN: Jan Ketil Smørdal inviterte til sirkusskule i helga. Det heile blei avslutta med ei framsyning.

Foto: Christian Blom

I 1989 starta han Cirkus Agora og reiste landet rundt og heldt framsyningar.

Smørdal har sjølv opptredd som linedansar og sjonglør. Han var også ein av initiativtakarane til sirkusutdanninga ved Fjordane folkehøgskule.

No vil han at dei unge skal få smaken av sirkuslivet. Han sjølv starta sirkus då han var 25 år, men i mange år før det, øvde han seg på slakk linje heime i hagen.

– Eg var ein ivrig alpinist og mitt store førebilete var Ingemar Stenmark. Han brukte mellom anna slak line for å bli betre i skibakken. Dermed spente eg opp ei line mellom utedoen og epletreet heime i hagen, fortel han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sirkusskule på Vesterland

UNGE TALENT: Borna fekk mellom anna prøve seg på sjonglering.

Foto: Christian Blom

Avslutta med framsyning

Dei mellom 15 og 20 borna fekk i helga prøve seg som klovnar, akrobatar, sjonglørar og balansekunstnar. Alt saman med profesjonelle sirkusartistar.

– Dei har vore ein del av Cirkus Agora tidlegare. Eg har mellom anna med ein sykkelakrobat som heiter Malte Knap, han er heilt i verdsklassen.

Borna var så ivrige at dei knapt ville ha pause og Smørdal har sett mange unge talent i løpet av helga. Søndag blei sirkusskulen avslutta med oppvisning der dei unge fekk vise fram for slekt og vener det dei hadde lært seg.

– Det er veldig spesielt å kunne opptre med proffe artistar. Dette er ei oppleving for livet, seier han.

Vil med i den kulturelle skulesekken

No håper Smørdal på fleire helgar med sirkusskule. I løpet av veka har han og Knap også vore rundt på skular.

– Dette er ei av dei beste vekene eg har hatt. Vi har vore rundt på skular og det har kokt i gymsalane. No har vi funne på eit konsept vi håper kan komme med i den kulturelle skulesekken, seier han etter ei vellukka helg.