Hopp til innhold

No står dei unge Jotun-jentene fram

(JOTUN – STORD 31-19) Jotun hadde venta seg tøff motstand då dei fekk besøk av Stord. I staden vann heimelaget overlege og fleire av dei unge jentene på laget imponerte.

Sportsleg leiar Torstein Kvam og trenar Olafur Sveinsson

IMPONERT: Sportsleg leiar Torstein Kvam (til venstre) er imponert over kva dei yngste jentene på laget viser av styrke. Her saman med trenar Olafur Sveinsson.

Foto: Siren B. Svortevik

Med sigeren laurdag har Jotun vunne alle dei 15 kampane i serien så langt. Mykje er avgjort og årdølane skal mest truleg spele kvalifisering for å ta seg til 1. divisjon.

Sportsleg leiar i Jotun, Torstein Kvam, er imponert over laget. Spesielt gler han seg over at fleire av dei yngste jentene no viser styrke.

– No byrjar dei stå fram, og det er moro for oss, seier han til NRK.no.

– Klart betre enn dei

Kamp etter kamp har Jotun-damene plukka med seg to poeng. Når 15 kampar no er ferdigspelte står dei med full pott, og det skal mykje til før laga bak kan ta dei att. I april ventar kvalifiseringsspel for å ta seg opp i ein tøffare divisjon, og laget er allereie byrja førebu seg.

Med ein tynn stall er det svært viktig at fleire på laget får vist seg frå si beste side.

– Vi hadde forventa ein tøff og tett kamp mot Stord. Dei har stort sett sigrar sidan november.

– Men vi greier å halde tempoet oppe, og vi er veldig på hogget og er klart betre enn dei. Til pause leia vi 18-8, fortel Kvam.

Imponert

Med den komfortable leiinga kunne trenar Olafur Sveinsson gje meir speletid til dei unge jentene på laget. Og det var ikkje noko problem.

– Alle får prøve seg, og det er kjekt. Eit par av ungjentene, mellom anna dei to sekstenåringane Camilla Nundal som skårer sju mål og Anna Lindborg som skårer tre, seier Kvam som er tydeleg imponert.

– Eg er imponert over at dei tek dette nivået så pass kjapt, seier han.

– Er det viktig at dei yngste spelarane får sjanse til å vise seg fram?

– Med den tynne stallen som vi har er det viktig at dei yngre jentene no byrjar blomstre. Vi har berre 13–14 spelarar, og har sikkert den minste stallen, men truleg den best trente stallen. Så vi er godt budde på kvaliken, seier han.

Marianne Stedje Øren blir trekt fram som den desidert beste på bana.

(Artikkelen held fram under biletet)

Camilla Nundal

SJU MÅL: Camilla Nundal er framleis berre 16 år og noterte seg for sju mål mot Stord. Det imponerer den sportslege leiaren i klubben.

Foto: Siren B. Svortevik

Har byrja studere motstandarane

Sjølv om alt altså ligg til rette for at Jotun spelar kvalifisering i midten av april, kan dei i teorien framleis gå gale.

– Men slik dei unge jentene har stått fram no, så er eg ganske trygg på at det skal gå vegen, seier Kvam.

Klubben har allereie byrja studere dei laga som dei ventar møte i kvalifiseringssrundane.

– Det er eit heilt anna nivå når vi skal spele mot dei andre puljevinnarane. Vi ser ein del på video for å finne styrkane og svakheitene deira, og så har Olafur eit eige opplegg på trening der spelarane blir spesialiserte på ein del ting, seier Kvam.