Hopp til innhold

Sette ny pers på 200 meter - no satsar han mot EM og kanskje VM

Lange dagar med som tannlegestudent kombinert med tre til fire timar trening kvar dag har ikkje gjort Øyvind Strømmen Kjerpeset dårlegare. I helga sette han ny pers på 200 meter.

Øyvind Strømmen Kjerpeset

EM OG KANSKJE VM: Øyvind Strømmen Kjerpeset er i form om dagen og sette laurdag ny personleg rekord på 200 meter. Uheldigvis vart han diska...

Foto: Helge Langen / Vestpress

21-åringen frå Florø vedgår at det er travelt å kombinere studentlivet med timevis med trening kvar veke. Men det går. Som han seier.

– Døgnet har trass alt 24 timar, så om ein er litt strukturert er det utruleg kva ein får til, seier han til NRK.no.

Og sjølv får han det til. Under den nordiske landskampen i Vaxsjø i helga klinka han til med ny personleg rekord på 200 meter innandørs.

– Eg fekk tida 21,67, som var ei veldig god tid, seier han.

Blir aldri lei

NRK snakka med friidrettsutøvaren i det han var på veg tilbake til Oslo søndag. Den eine dagen i veka han har fri brukar han denne helga til reise, men han håpar likevel han skal få tid til litt skikkeleg avslapping på sofaen når han kjem heim.

For det er utan tvil travelt å vere Øyvind Strømmen Kjerpeset. Friidrettstalentet studerer til å bli tannlege, eit studium som krev mykje. Når han i tillegg trenar mellom tre og fire timar seks dagar i veka må ein vite kva ein vil for å få ting til å gå opp.

– Det er litt travelt, men eg må ha ei utdanning også. Vi har funne ei fin ordning slik at eg kan få trent og studert veldig bra.

– Men blir du aldri lei?

– Nei, faktisk ikkje. Det er rart med det, når ein set seg mål og jobbar mot det kvar dag, så er det veldig vanskeleg å bli lei, seier han til NRK.no.

– Men det er klart, av og til er det litt trøttande å gå på trening kvar einaste dag. Men når ein jobbar mot eit mål så er det lett å gjere det som skal til.

Ny personleg rekord, men vart diska

Og med motivasjonen på topp går det bra når han stiller til start i konkurransar. Sist helg vann han 200 meter på innandørs NM med tida 22,01. Denne helga flytta han persen ytterlegare.

– Eg persa med 34 hundredel, så det er jo ein veldig bra pers på 200 meter, seier han og seier dette også er betre enn beste tida hans utandørs.

– Det lovar veldig bra, for til vanleg spring ein fortare ute enn inne, seier 21-åringen.

Det einaste minuset med den gode prestasjonen i helga er at han vart diska.

– Uheldigvis trakka eg på streken, så eg var diska og tida vart ikkje godkjent.

– Men det får berre vere, eg sprang fort og er veldig nøgd med det.

– Har fått trene veldig bra

Strømmen Kjerpeset var også på det norske laget på 4x200 meter, der det vart norsk rekord.

– Det var gøy, seier han.

– Er du i god form om dagen?

– Treninga har gått veldig bra, og eg har trena utan avbrekk sidan oktober. Eg har fått trenge veldig bra og då kjem resultata, seier han.

At det no går bra er gjerne ekstra godt sidan han sist sommar sleit med ein skade i høgrefoten. No kjenner han ikkje lenger noko til den.

– Eg er heilt skadefri, seier Florø-guten glad.

Har sett seg store mål for sesongen

Med ny personleg rekord to helgar på rad gler han set til utandørssesongen. I vinter har han jobba mykje med fart, før han skal byrje jobbe med uthaldet framover.

– Med det fartsgrunnlaget eg har så trur eg 400 meter hekk kjem til å gå veldig fort, seier han.

21-åringen har sett seg hårete mål for sesongen. Men meiner sjølv at han ikkje legg for stort press på seg sjølv.

– Til sommaren satsar eg på å springe U23 EM, der trur eg at eg har gode sjansar på ei plassering.

– Viss ting går slik som det ser ut til å gå, så håpar eg veldig at eg greier ta norsk rekord, ein rekord eg har vore like bak i to år no. Så vil eg samtidig forsvare NM-tittelen, seier han.

Og det tek ikkje slutt med det.

– Om alt går kjempebra, så kanskje VM også. Det er litt sånn langs med, men kven det, det er ikkje umogleg, gliser han.

– Du er ikkje redd for å setje deg for store mål då?

– Ein må ha trua om ein skal nå opp internasjonalt. Eg prøver så godt som eg kan, så får vi berre sjå, seier han.

PS: Ingen Anne Frøysedal frå Stryn reiser heim frå meisterskapen med ein tredjeplass i tresteg. Strynjenta som representerer IK Tjalve strekte seg til 12,92 meter.