Hopp til innhold

To fekk sove ut i arresten

Det vart ei relativ roleg natt for politiet, men litt har dei likevel hatt å henge fingrane i natt til søndag.

Klokka 21.30 fekk politiet melding om uro i Førde. Ein rusa mann i 50-åra vart fjerna frå ein privat bustad, dei som budde der ville ikkje ha han der.

Mannen vart sett i drukkenskapsarresten og fekk sove ut rusen over natta.

Litt seinare på natta, litt over klokka halv eitt, vart nok ein mann sett i drukkenskapsarresten. Då var det ein mann i 20-åra som hadde laga bråk utanfor ein skjenkestad i Sogndal som vart sett inn. Mannen var rusa.

I Florø køyrde politiet heim ein mann i 40-åra. Dette skjedde etter at fem personar rauk i tottane på kvarandre utanfor ein skjenkestad i Florø. Mannen i 40-åra vart teken hand om at politiet og fekk skyss heim. Ifølgje politiet skal ingen av dei fem ha fått skader i basketaket.

23 køyrety vart i tillegg kontrollert då politiet i Sogndal hadde trafikkontroll rundt midnatt. Alle hadde alt i orden, med unnatak av ein førar som fekk gebyr fordi han ikkje hadde med seg førarkortet.