Hopp til innhold

Full VM-klaff i comebacket

Med to fulle hus gav Ann Kristin Aafedt Flatland (Vik) seg sjølv eit godt utgangspunkt framfor søndagens jaktstart i VM skiskyting i Nove Mesto.

Ann Kristin Flatland på standplass

MEDALJE: Ann Kristin Aafedt Flatland jaktar si første individuelle VM-medalje på søndagens jaktstart.

Foto: Rune Fossum / NRK

Ann Kristin Aafedt Flatland gjekk ut med startnummer 93, men leverte forrykande skyting og eit godkjent løp i langrennssporet.

I mål var ho nummer åtte, 12,7 sekund bak bronseplassen.

– Eg skaut bra, gjekk greitt på ski, men har vore i betre form. Alt i alt er eg nøgd med gjennomføringa, seier Aafedt Flatland til NRK etter målpassering.

Første VM-medalje

Olena Pidhrusjna (Ukraina) vann sprinten, med Tora Berger 6,4 sekund bak. Vita Semerenko tok 3.-plassen.

Åttandeplassen gir Flatland eit godt utgangspunkt med tanke på sin første individuelle VM-medalje på søndagens jaktstart. Flatland har frå før gull, sølv og bronsemedalje på stafett.

– Med full klaff, og kanskje endå litt betre i sporet, så kan eg kanskje vere med å kjempe om medalje, seier ho.

Optimistisk

Det er lenge sidan 30-åringen har levert feilfri skyting.

– Det er lenge sidan i eit verdscupløp, men eg har hatt god kjensle på skytinga i år og tykkjer det fungerte bra, seier ho og er optimistisk med tanke på medaljehåpa søndag.

– Løypene i morgon tykkjer eg passar meg endå betre. Eg skal gjere mitt beste og skyte ned blinkane, avsluttar ho med eit smil.