Hopp til innhold

Tok hand om fleire rusa personar

Politiet måtte fleire stader i fylket trå til for å hjelpe rusa personar natt til laurdag.

Ved 23.30-tida fredag kveld kom det melding om at det var funne ein person som politiet skildrar som sovande/medvitslaus i Sandane sentrum.

Vedkommande var overstadig rusa, og vart teken hand om av medisinsk personell og politi.

Ein god time seinare måtte politiet i Sogndal ta hand om ei rusa jente i tenåra som nekta forlate ein skjenkestad. Ho fekk skyss heim av politiet.

I 01.20-tida fekk politiet i Sogndal eit ganske likt oppdrag. Også denne gongen var det ei tenåringsjente som fekk skyss heim. Denne ville ikkje akseptere at ho ikkje fekk kome inn på ein skjenkestad i byen.

Like over klokka 01 fekk politiet melding om at vaktene ved ein ungdomsfest på Breim hadde teke hand om ein person som hadde gått laus på fleire personar. Dei ville halde på vedkommande til politiet, då dei meinte han ikkje kunne gå laus. Mannen i 20-åra var rusa.

Ein mann i 50-åra er i tillegg meld etter at han urinerte i sentrum av Florø.

I løpet av natta fekk politiet også melding om eit trafikkuhell i Fjaler. Ein personbil med tre ungdomar hadde køyrt inn i ein lyktestolpe på ein kommunal veg. Ein av dei følte seg uvel etterpå og skal ha oppsøkt lege.