Hopp til innhold

Her løyser Vidar (24) rubiks kube på berre 18 sekund

Korleis inspirere ungdom til å satse på fysikk, matte og kjemi? Vidar Klungre håpar nokre forstår kor moro det kan vere når han viser dei korleis han løyser rubiks kube på berre nokre sekund.

Mange kan sitte i timar med rubiks kube før den går opp. Vidar Klungre er nok mange, mange, hakk betre enn dei fleste. Han får den til på berre 18 sekund.

FULL FART: Vidar Klungre treng berre nokre sekund på seg for å løyse rubiks kube. (FOTO: Birger Meland)

Klungre har sjølv vore elev ved Firda vidaregåande skule på Sandane og i dag var han tilbake då skulen arrangerer Realfagsveke.

Målet for opplegget er å inspirere og motivere elevane til å satse på realfaga.

– Det er jo heilt supert viss eg kan hjelpe skulen med litt reklame, seier Klungre.

Vil freiste dei unge

24-åringen frå Hyen er nok kjent for fleire eter at han i fjor haust var å sjå på det populære TV2-programmet Norske Talenter.

Medan andre kanskje brukar timar på å få løyse rubiks kube, viste Klungre at han berre treng nokre sekund. Han kan løyse den i full fart med hendene, men også med føtene eller sitjande på ein eitt-hjulsykkel.

Men det er ikkje berre for moro skuld at Klungre har stor interesse for realfaga. Han har sjølv utdanna seg som sivilingeniør med spesialisering i matematikk, og når han er tilbake i heimkommunen håpar han at han skal klare lokke unge til å satse på realfag.

– Eg var veldig godt nøgd med åra eg hadde her, så eg synest det er supert å få vere med på eit slikt opplegg, seier han.

Har reist rundt på skulane

For kort tid sidan gjekk ein av Norges rikaste, Johan H. Andresen, ut og sa at han var uroa for det han meinte var mangelfull satsing på teknologi og realfag. I Dagsavisen bad han regjeringa kome med eit krafttak for kunnskap og utdanning.

På Firda vidaregåande skule på Sandane har dei stolte tradisjonar når det kjem til realfag. Studieleiar Magne Larsen seier dei gjerne vil bidra til auka fokus på realfag.

– Vi har eit realfagssenter på skulen vår som er støtta av blant anna fylkeskommunale utviklingsmidlar. I det ligg det at vi skal vere ein regional utviklingsaktør, og at styrken vår som realfagssenter er noko andre skal få dra nytte av.

Elevar ved skulen har difor mellom anna reist rundt til ungdomsskular i området, for å vise fram faga. Anne Kristin Haraldsvik og Irene Slagstad trur det å vise fram rakettforsøk og korleis ein lagar yoghurtis kan motivere dei unge.

– Dei må forstå at det ikkje berre er rekning og formlar vi driv med.

(Artikkelen held fram under biletet)

Andreas Wahl
Foto: Birger Meland / NRK

Show

Ein anna som er henta inn for å lokke unge til realfaga er Andreas Wahl. Han har mellom anna vore med i Lyngbø og Herlands Big Bang. Han har vist fram forskjellige triks, og ser ikkje vekk frå at det kan vere måten å få nokon til å fatte interesse.

– Eg trur det finst mange måtar å få folk til å bli hekta på realfag og fysikk. Men det å gjere slike vitenshow er ein måte. Eg håpar eg kan opne auga til dei som kanskje ikkje hadde vurdert dette, seier han.