Hopp til innhold

Vil ha same standard på E39

Fylkesleiar i Lastebileigarforbundet, Per Andreas Øren, ser ingen grunn til at det skal vere forskjell på korleis ulike strekningar av E39 gjennom fylket blir salta og brøytt vinterstid.

Per Andreas Øren

SAME STANDARD: Per Andreas Øren meiner det bør vere lik standard på E39 gjennom Sogn og Fjordane vinterstid.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Det burde vore likt over heile fjøla, er kravet frå transportleiaren.

Men slik er det altså ikkje. Statens vegvesen deler nemleg inn vegane i Vinter-Norge i tre forskjellige kategoriar. Dei som skal vere is- og snøfrie, dei som skal saltast ved rim og berrfrost og dei som enkelt og greitt er vintervegar.

Vanskeleg med skiftande føre

Men denne inndelinga er ikkje like enkelt å forstå seg på for alle. NRK fortalde tidlegare denne veka om dagpendlar Arne Rørvik som undrar seg over at han møter på svært så forskjellig føre på E39 frå Vadheim til Førde.

Også fylkesleiaren i Lastebileigarforbundet etterlyser same standard på E39 gjennom fylket vinterstid.

– Entreprenørane som jobbar her gjer heilt sikkert så godt som dei kan, og det er sikkert ikkje så enkelt. Men det burde vore lik standard, seier Øren til NRK.no.

På E39 er det mellom anna krav om at vegen mellom Bergen og Vadheim skal vere snø- og isfri. Litt lenger nord i fylket, mellom Vassenden og Sandane til dømes, kan det derimot vere både snø og is i vegen.

Øren seier det er store utfordringar knytt til å køyre store bilar på slikt føre.

– Vegane her er ofte smale nok frå før av, og når ein slit med å sjå kantane når det er dårleg brøytt, så blir det store utfordringar med store bilar, seier Øren.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Har du lurt på kvifor nokre vegstrekningar er snø- og isfrie, mens andre strekningar, langs same vegen, har full vinter? Det har ingenting å seie at du køyrer på ein europaveg.

SKILNAD: Vintervegane er delte inn i tre kategoriar. Det vil seie at du i løpet av nokre kilometer kan møte på svært så forskjellig standard på vintervegane.

Får stadig tilbakemeldingar

Han får stadig telefonar frå medlemmer som opplever at det er vanskeleg å ta seg fram på vintervegane.

– Eg fekk nyleg ein telefon frå ein sjåfør som bad oss kontakte Vegvesenet. Han var misnøgd med vegane i Nordfjord og oppover E39 Stigedalen og vidare nordover, seier Øren.

– Sjåføren følte at det var risikabelt og frykta det kunne skje ulukker, legg han til og seier at berre nokre timar seinare hadde forholda betre seg.

Trafikk og klima bestemmer

Prosjektleiar i Statens vegvesen, Lars Erik Karlsen, seier det er mange faktorar som avgjer kva deler av vegen som skal vere snø- og isfrie. I hovudsak er dette kor mykje trafikk det er på vegen og dei klimatiske forholda i området der vegen går.

Han seier det ikkje er noko alternativ å salte alle vegar, og ber bilistane tilpasse seg forholda.

Det blir no sett på om det kan late seg gjere å salte endå meir av E39 i Sunnfjord.

– I første omgang vurderer vi Førde-Skei, seier Karlsen.