Hopp til innhold

Polsk arbeidar stevnar bonde for sosial dumping

Ein polsk gardsarbeidar stemnar ein Sunnfjord-bonde for sosial dumping. Hevdar han fekk 57 kroner timen og gjekk sju månader utan å få løn.

Fjordane tingrett

TVIST: Konflikten mellom Sunnfjord-bonden og den polske gardsarbeidaren vart forsøkt løyst i Forliksrådet. No endar den i rettssalen.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Mannen i 30-åra krev no å få utbetalt 420.000 kroner frå bonden han i 2008 skreiv arbeidskontrakt med.

Saka vart først prøvd løyst i Forliksrådet. Mannen sin advokat, Ivar Hauge, meiner det er tale om sosial dumping.

Ivar Hauge (advokat)

ADVOKAT: Ivar Hauge er advokat for den polske gardsarbeidaren.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vi meiner han har fått for lite løn. Det er litt for gale. Tariffløna er veldig låg, og når ein då betalar kanskje 40 prosent mindre enn det også, så er det småleg. Rett og slett, seier han.

Vart hyra inn som praktikant

I stemninga til Fjordane tingrett går det fram at mannen i 2009 hadde ei løn på 57 kroner og 30 øre timen.

Bonden sin advokat, Martin Haaland Simonsen, avviser at det er tale om sosial dumping og seier mannen vart engasjert gjennom ei praktikantordning.

– Den praktikantordninga er slik at, ja, det lønnast lågare enn minstelønna i tariffen, seier han og fortel bonden stiller seg uforståande til stemninga.

– Framforhandla avtale

– Men 57,30 kroner timen er ikkje mykje.

– Det kan du gjerne seie, og det er nok ikkje mange i Norge som hadde tykt at det var greitt med så låg løn. Men dette er ein framforhandla avtale som har hatt som føremål, slik eg har forstått det, å medverke til å rekruttere folk utanfrå til norsk landbruk.

Meiner horribelt

Advokat Hauge ynskjer ikkje å kommentere påstandane frå motparten, men meiner på si side at saka vitnar om ein gardsarbeidar som vart dårleg behandla av bonden.

Han viser mellom anna til at det ein periode gjekk sju månader før polakken fekk utbetalt løn.

– Han har jobba mykje overtid, helgar og alt mogeleg. Det er eigentleg ei heilt horribel handsaming av ein person som har stått på og arbeidd, seier Hauge.