Hopp til innhold

Han krev omkamp om lokalisering av ny reiselivssatsing

Det felles reiselivselskapet for Sognefjorden Visit Sognefjord skal skipast om ei og ei halv veke, men no ligg det an til krangel. Rett før generalforsamlinga til det store interkommunale selskapet er det bråk om kor arbeidsplassane skal ligge.

Noralv Distad, ordførar Aurland kommune

KREV KONTOR: Trass samrøystes styre, vil ordførar i Aurland, Noralv Distad ha omkamp om lokalisering av reisemålselskap.

Foto: Margunn Tolleshaug, Aurland kommune

Høgreordførar Noralv Distad i Aurland meiner nemleg framleis at det blir feil å legge kontoret til Sogndal.

– Det som er heilt sikkert er at dersom ein skal utvikla reiselivet i Sogn, så trur eg alle vil vere samde i at ein motor i dette alltid vil vere Aurland, seier Distad til NRK.

Får fem tilsette

Berre ei og ei halv veke før den nye drivkrafta i reiselivet i Sogn skal skipast under ei generalforsamling er det framleis splitting mellom aksjonærane.

Ni kommunar, ulike reiselivselskap og privat næringsliv skal slå seg saman i eit felles reiselivselskap med eit årleg budsjett på 11 millionar kroner og fem tilsette.

– Skal liggje i Sogndal

Planen til interimstyret er at Visit Sognefjord skal ha hovudkontor i Sogndal og leiar for interimstyret Olav Lühr seier til NRK at han reknar med at saka er avklara.

– Det er heilt sikkert, lokaliseringsdebatten har vi vore gjennom, vi har bestemt og det er ikkje berre Aurland, det er også andre kommunar som har vore på bana fordi dei ønska at kontoret skulle ligge i deira kommune. Men vi har bestemt at det skal ligge i Sogndal, seier Lühr.

Flåmsbana ved Kjosfossen

FLEST REISANDE: Flåmsbana i Aurland kommune er eit av dei viktigaste trekkplastra for turistar til Sogn.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Skal liggje i Aurland

Men den avklaringa kan truleg Lühr sjå langt etter. For Aurland kommune, som er den største reiselivskommunen og den største bidragsytaren til det nye selskapet har gjort kommunestyrevedtak om at hovudkontoret skal ligge i Aurland.

– Kontoret skal ligge i Aurland, det er eit klart kommunestyrevedtak på og det må vi følgje opp på generalforsamlinga. Vi fremjar i alle fall forslag med tanke på at det får tilstrekkeleg oppslutnad til at det blir vedteke, sler ordførar Noralv Distad fast.

– Dra i same retning

Men Distad forsikrar at Aurland vil vere med i det nye selskapet uansett utfall, men mykje tyder no på at det kan bli fleire friske debattar enn det interimstyret har sett for seg.

– Det som blir suksessfaktoren hos oss er å dra saman i same retning, seier Olav Lühr.