Hopp til innhold

Her er frabrikkane til Moods

Moods of Norway offentleggjer lista over fabrikkar dei brukar.

Lista over Moods of Norway sine leverandørar

- Sjøl bestemora til Simen kan vere stolt av oss, seier administerande direktør i Moods of Norway, Nils Are Karstad Lysø i ei pressemelding.

Massiv kritikk
Nils Are Karstad Lysø
Foto: Asgeir Reksnes / NRK

I fjor fekk designbedrifta frå Stryn massiv kritikk for ikkje å offentleggjere kvar kleda deira vart produserte. Men no har selskapet sendt ut ei pressemelding der dei fortel om kvar dei får sydd kleda dei sel.

- Barnearbeid og utnytting av arbeidarar utan rettar i fattige land vil ikkje vi ha noko av. Difor må alle våre samarbeidspartnarar og leverandørar garantere at dei følgjer våre etiske retningslinjer før vi inngår kontrakter, seier Karstad Lysø.

Årsaka til at selskapet tidlegare ikkje har ville offentleggjere leverandørlistene sine har vore at dei har vore uroa for piratkopiering.

Fleire under lupa etter tv-dokumentar

Det er ikkje berre Moods of Norway som har blitt skulda for å ikkje sikre gode noke arbeidsforhold i klesindustrien.

Diskusjonen kom etter at eit svensk dokumentarprogram synte uverdige arbeidsforhold for arbeidarar i Kambodsja for Hennes og Mauritz.

Deretter kom kravet om at alle må kunne offentleggjere leverandørlistene sine slik at folk skal kunne vite kvar kleda kjem frå.

- Ei løpande vurdering
Moods of Norway
Foto: Reklame

- Opne lister er ei løpande vurdering vi gjer. Allereie i fjor la vi ut namnet på dei største leverandørane våre. I år vil vi offentleggjere alle fabrikkane som ein del av vår årlege rapportering til IEH, Initiativ til etisk handel, seier Karstad Lysø.

Framtiden i våre hender har jobba aktivt med å få dei som produserer klede til å fortelje om produksjonsstadane dei brukar.

Dei lanserte ei eiga kampanje med dette som mål på sine heimesider. Der har dei ei oversikt over kva for kleskjeder som er opne og kven som ikkje vil fortelje om kva fabrikkar dei brukar.

Her kan du sjå kampanjen til Framtiden i våre hender

To dagar etter at nettsida vart lansert var det kome inn over 2000 underskrifter.

Glad for innsyn

Og like mange dagar tok det før Moods of Norway sendte ut pressemeldinga si.

- Det er eitt skritt i rett retning at Moods of Norway no er villege til å gje innsyn på oppfordring. Det viser at kampanjen fungerer og at folk sine underskrifter betyr noko, seier leiaren i Framtiden i våre hender, Arild Hermstad til framtiden.no .

Men Hermstad er ikkje nøgd med at Strynebedrifta berre offentleggjer listene over frabrikkane sine til dei som spør etter dei.

Det var ikkje råd for NRK å få lista frå Moods of Norway søndag, men den vi presenterer på våre heimesider er frå framtiden.no.

Krev lista på eigne nettsider

Arild Hermstad
Foto: Øijord, Thomas Winje / NTB scanpix

Han krev at dei legg dei ut på eigne nettsider.

- Dei må gjere som mellom anna Helly Hansen og Stormberg. Legge listene ut på eigne nettsider slik at dei er offentleg tilgjengelege og opne for alle. Ved å avgrense tilgangen til dei som spør risikerer dette å bli eit PR- opplegg på heimebane istaden for full openheit, seier han til nettstaden.