Hopp til innhold

Frykta søppellass skulle rase ut

Semitraileren var lasta med 22 tonn søppel, men dørene på tralla gjekk ikkje skikkeleg att. Vegvesenet frykta søppelet skulle rase ut i fart og nekta den utanlandske sjåføren køyre vidare med lasset.

Vogntog som vart stogga med dårleg sikra last

BULA UT: Seks av ti låsepunkt var defekte, og ifølgje kontrollørarne i Statens vegvesen var det stor fare for at dørene kunne opne seg medan bilen var i fart.

Foto: Statens vegvesen

Statens vegvesen har fredag hatt kontroll på Skei i Jølster. I hovudsak har dei sett nærare på om tungbilane som køyrer forbi har med seg nok kjettingar og har gode dekk.

Men ein av lastebilane som køyrde forbi hadde ein anna type manglar. Overingeniør Svein Arne Henjesand i Statens vegvesen seier den norskregistrerte semitraileren dei stogga har fått bruksforbod.

– Den har ikkje gått gjennom periodisk kontroll slik den skal, men det mest graverande er måten den var lasta på, seier Henjesand til NRK.no.

– Stod og bula

Semitraileren var lasta med 22 tonn med søppel i lausvekt. Då kontrollørane såg nærare på tralla viste det seg at lasset ikkje var forsvarleg sikra.

– Låsane på sidedørene var av ein slik forfatning at dei ikkje gjekk i lås oppe, så sida på tralla stod og bula ut, forklarar Henjesand.

Han seier sjåføren hadde forsøkt å halde lasset saman med ei stropp, men at dette ikkje var godt nok.

– Det som er med desse dørene er at om ei dør går opp, så opnar halve sida på tralla seg. Då vil dørene gå ut i motgåande køyrebane, men det resultatet det kan medføre, seier kontrolløren.

Fekk ikkje køyre vidare

Vegvesenet meinte det var fare for dørene skulle opne seg i fart og at lasset deretter kunne rase ut i vegen. Dei la difor ned bruksforbod på tralla.

– No er tralla avskilta, og det er sett krav om at den må lossast og bringast til verkstad for reparasjon, seier Henjesand.

Alt var i orden med trekkvogna på semitraileren, og denne fekk køyre vidare.

Det er førebels ikkje teke stilling til om sjåføren av semitraileren blir meld for forholdet.

– Kor alvorleg ser Vegvesenet på dette?

– Med dei følgjene dette kan få så er det veldig alvorleg. Om ein skulle treffe ein slik når ein er ute og køyrer og ein får sidedørene i fronten på bilen, då går det gale, seier Henjesand.

Seinast i går stogga Vegvesenet ein anna lastebil dei meinte hadde svært store manglar. Den tyrkiske semitraileren hadde overlast, mangla bremser og køyrde på sommardekk.

Skal gå gjennom saka

Semitraileren køyrde for Kim Johansen og dagleg leiar for den norske avdelinga, Tommy Slåttum, seier til NRK at dei vil sjå nærare på saka.

Han seier dei skal snakke med både sjåføren og dei som jobbar der lasset har blitt lasta.

– Vi må sørgje for at dette ikkje skjer igjen, seier Slåttum.