Hopp til innhold

Fann dumparen på 230 meters djupne - ingen teikn til sjåføren

Dumparen som måndag rasa i fjorden ved Eikenes vart tysdag funnen på 230 meters djupne. Søket etter den sakna føraren har halde fram utover kvelden, ved midnatt kjem også eit spesialfarty frå forsvaret til området.

Dumparen som hamna i Dalsfjorden i går, blei i dag funnen på 230 meters djup, men den 25 år gamle føraren e framleis sakna. Dalsfjordsambandet har så langt vore råka av fem arbeidsulukker. Og entreprenøren vedgår at ulukkesstaden ikkje var sikra.

FANN DUMPAREN: Dumparen som hamna i Dalsfjorden i går, blei i dag funnen på 230 meters djup, men den 25 år gamle føraren e framleis sakna. Dalsfjordsambandet har så langt vore råka av fem arbeidsulukker. Og entreprenøren vedgår at ulukkesstaden ikkje var sikra.

Ved 14.15-tida tysdag ettermiddag vart dumparen lokalisert. Operasjonsleiar Inge Værøy ved Sogn og Fjordane politidistrikt fortalde at miniubåten måtte langt ned for å finne køyretyet.

– Det er gjort funn av dumparen på cirka 230 meters djupne, sa Værøy til NRK.no like før klokka 15.

– Dumparen er tom. Det er ikkje teikn til den sakna inne i køyretøyet, opplyser han.

– Veit de kva som kan ha skjedd med føraren?

– Nei. No vil det bli gjort meir søk rundt området der dumparen ligg, og oppover langs skråninga.

– Har de håp om å finne personen?

– Ja, vi jobbar med det som utgangspunkt, seier Værøy.

(Artikkelen held fram under biletet)

Leitar etter førar og dumpar med miniubåt ved Eikenes i Askvoll

GJORDE FUNN: Dumparen er lokalisert på 230 meters djupne. Det er ikkje teikn til den sakna sjåføren inne i køyretyet, opplyser politiet. Biletet viser båten som vert nytta i søkearbeidet tysdag.

Foto: Stig Indrebø / NRK

Leitar vidare etter sjåføren

Meldinga om at dumparen hadde gått på fjorden kom til politiet ved 18.40-tida måndag kveld. Det var kollegaer av mannen som meldte frå, men ingen av dei skal ha sett kva som skjedde.

Det vart raskt sett i gang søk i fjorden, og både dykkarar og ein miniubåt søkte i heile går kveld etter køyretyet og sjåføren. Ved 01-tida natt til tysdag var søket avslutta, utan resultat. Ein hadde då gjort søk heilt ned til 120 meter.

I dag har det blitt henta inn ein miniubåt som kunne gå djupare, og denne har sidan 11-tida i føremiddag gjort søk i området der dumparen har gått i fjorden.

Etter funnet av dumparen vil ein no halde fram søket utover ettermiddagen for å prøve å finne den sakna 25-åringen som køyrde.

– Søket vil halde fram med bruk av miniubåten, seier Værøy til NRK.no ved 15-tida.

Det er førebels ikkje teke stilling til kva som vil skje med dumparen. Værøy seier til NRK.no at eigaren av køyretyet også vil vere med å bestemme om dumparen skal hevast.

Flyttar seg vestover

Ved 18-tida er det framleis ikkje gjort funn av dumparføraren i fjorden. NRK får opplyst ved politiet sin operasjonssentral at søket vil halde fram utover kvelden.

Nede i fjorden er det like stummande mørkt både natt og dag.

– No er dei ferdige med søk i området der dumparen vart funnen. Det blir no søkt vestover, systematisk utover og nedover, opplyser politiet til NRK.no ved 18-tida.

Prosjektleiar Einar Hovland i Statens vegvesen seier spesialfartyet KNM "Tyr" vil kome til området ved midnatt for å hjelpe til i søket. Skipet er utrusta med ein sonar, som vil gi større søkemoglegheiter.

Startar opp att søket i morgon

Politiet opplyser ved 20.30-tida at søket med miniubåten, den såkalla ROV'en, vil bli avslutta ein gong før midnatt. Miniubåten vil bli sett inn att i søket frå onsdag morgon.

Det er enno ikkje gjort funn av føraren får NRK opplyst ved 22.30-tida. Søket med miniubåten er no avslutta for kvelden.

Ifølgje politiet vil KNM "Tyr" ta del i søket når det kjem fram til området ved Eikenes rundt midnatt. KNM "Tyr" er eit spesialfarty for djupe undervassoperasjonar.

Utanfor tunnelen

HER SKJEDDE DET: Dumparen skal ha hamna i fjorden like aust for tunnelen på det nye Dalsfjordsambandet.

Foto: Stig Indrebø / NRK