Hopp til innhold

Har starta søk med miniubåt etter sakna dumperførar (25)

Ein miniubåt er i gang med søket etter 25 år gamle Christian Melle som er sakna etter dumparulukka ved Eikenes i Askvoll. Delar av anleggsarbeidet på Dalsfjordsambandet er no mellombels stogga.

Søk etter sakna dumperførar i Dalsfjorden.

SAMLA: Kollegaer av den sakna dumparføraren var samla ved ulukkesstaden for debrifing då miniubåten starta opp søket.

Foto: Silje Guddal / NRK

Ubåten kom til Eikenes like over klokka 11 tysdag føremiddag. I tillegg søkjer ein ambulansebåt langs land .

25-åringen frå Ørsta har vore sakna etter at dumparen han førte køyrde i Dalsfjorden måndag kveld. Ulukka vart meld klokka 1840.

Kast i kast

Miniubåt kjem til Dalsfjorden for å søke etter sakna 25-åring.

POLITI: I tillegg til miniubåten, kom to politimenn med båten frå Florø.

Foto: Silje Guddal / NRK

Den sakna var tilsett i entreprenørfirmaet K.A. Aurstad og køyrde pukk frå Eikenestunnelen då ulukka skjedde ved ein snuplass.

Politiet opplyser at fjorden er opp mot 300 meter djup på staden.

– Køyretyet har gått kast i kast ned i fjorden, så det er vanskeleg å seie om ein finn førar og køyrety på same stad, opplyste operasjonsleiar Wenke Hope ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Dumper brasa i sjøen ved Eikenes.

I FJORDEN: Dumperen brasa utfor vegen og har gått kast i kast ned i fjorden.

Foto: Silje Guddal / NRK

Stoggar anleggsarbeid

Kollegaer av 25-åringen var tysdag føremiddag samla på Askvoll hotell og reiste like etter til ulukkesstaden for debrifing. Arbeidet i det aktuelle området er stogga medan politiet gjer sine undersøkingar på ulukkesstaden.

(Artikkelen held fram under videoen)

Ein mann i 20-åra er sakna etter at dumparen han køyrde skal ha hamna i fjorden ved Eikenes i Askvoll. Det er gjort søk med miniubåt ned til rundt 100 meter, og det er gjort funn av vrakrestar.

SJÅ VIDEO: Dumper hamna i fjorden ved Eikenes i Askvoll.

Arbeidet på Eikenestunnelen og ei veglinje i dagen blir stogga. Entreprenør NCC får halde fram arbeidet i Ottersteintunnelen, kring tre kilometer frå ulukkesstaden.

– Før politiet har gjort sine undersøkingar, så kan ikkje vi utføre arbeid der. Det er vanleg prosedyre, seier prosjektleiar Einar Kåre Hovland i Statens vegvesen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.