Hopp til innhold

Leitar i fjorden etter sakna mann

Ein 25 år gamal mann frå Ørsta er sakna etter at dumparen han køyrde skal ha hamna i fjorden ved Eikenes i Askvoll. Det er gjort søk med miniubåt ned til rundt 120 meter, og det er gjort funn av vrakrestar.

Ein mann i 20-åra er sakna etter at dumparen han køyrde skal ha hamna i fjorden ved Eikenes i Askvoll. Det er gjort søk med miniubåt ned til rundt 100 meter, og det er gjort funn av vrakrestar.

HAR SØKT I FJORDEN I HEILE KVELD: Det har blitt gjort søk både langs land og i fjorden etter den sakna dumparføraren. Store styrkar har delteke i aksjonen ved Eikenes i Askvoll.

Politiet sette måndag kveld i gang søk i fjorden etter at det kom melding om at ein dumpar skal ha hamna i sjøen ved Dalsfjorden. Meldinga om arbeidsuhellet kom klokka 18.40.

Det var kollegaer av føraren som melde frå. Ingen skal ha sett at køyretyet har hamna i sjøen og det var ei stund vanskeleg å seie akkurat kor dumparen har gått i fjorden.

Har avslutta søket for natta

Ved midnatt opplyser politiet at det er gjort funn av vrakrestar etter køyretyet. Politiet vil førebels ikkje gje fleire detaljar om funna.

Ved 01-tida tysdag vart søket avslutta for natta. Operatør Bjarte Engevik ved Sogn og Fjordane politidistrikt seier til NRK.no at dei vil starte opp att søket tysdag, så snart ein har fått på plass utstyret som er nødvendig.

Ein vil då søke etter det ein reknar med er ein omkomen person.

– Fjorden er bratt og djup på denne plassen, og vi må ha utstyr som kan gå ned til kanskje 200–300 meter, seier Engevik til NRK.no klokka 00.45.

Miniubåten som har vore brukt måndag kveld har gjort søk ned til rundt 120 meter, men det er altså ikkje gjort funn av føraren eller heile køyretyet.

Ved 01-tida gjekk politiet ut med namnet på mannen dei leitar etter. Det er den 25 år gamle Christian Melle frå Ørsta som er sakna.

Brukte miniubåt i søket

Ein såkalla ROV vart sett inn i søket etter dumparføraren måndag kveld. Dette er ein fjernstyrt miniubåt som blir styrt frå overflata.

Operasjonsleiar Olaug Holme ved Sogn og Fjordane politidistrikt sa ved 21.20-tida til NRK.no at politiet og redningsmannskapa då ville søke i eit konsentrert område i sjøen.

– Dette gjer vi med bakgrunn i informasjon om kor vedkommande jobba, sa Holme til NRK.no ved 21.20-tida.

Har søkt ned til 100 meter

Vel ein time seinare, ved 22.25-tida sa Holme at dei framleis ikkje har funne føraren eller dumparen.

– Det er gjort søk med ROV'en ned til litt over 100 meter, sa operasjonsleiaren til NRK.no.

Den fjernstyrte miniubåten kan gå så langt ned som til rundt 150 meter, og Holme sa ved 22.25-tida at dei vil halde fram søket nedover i fjorden. Fjorden skal vere mellom 100 og 250 meter djup i området der dumparen køyrde utfor.

(Artikkelen held fram under biletet)

Søk etter sakna dumperførar ved Eikenes i Askvoll

SØKTE I FJORDEN: Dykkarar gjorde søk i fjorden, og seinare vart det sett inn ein miniubåt for å gå djupare i fjorden.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Dykkarar har søkt i fjorden

Ulukka skjedde like aust for ferjekaien ved Eikenes, like aust for tunnelen på det nye Dalsfjordsambandet. Det opplyste redningsleiar Nils Ole Sunde ved Hovudredningssentralen i Sør-Norge til NRK.no ved 19-tida.

– I utgangspunktet leitar vi etter ein person i fjorden.

Luftambulanse reiste ut med dykkarar, ein ambulansebåt vart også send til området. Politiet opplyste tidleg måndag kveld at fleire dykkarar har prøvd å lokalisere det sakna køyretyet.

Ein dumper er ei stor sjølvtippande lastevogn som er mykje brukt i samband med anleggsarbeid. Dumparen som skal ha hamna i sjøen ved Eikenes skal ha vore under arbeid med steinmasse då uhellet skjedde.

(Artikkelen held fram under biletet)

Dykkarar på veg til området ved Eikenes

DYKKARAR: Her er dykkarar på veg til området ved Eikenes for å gjere søk i fjorden.

– Vi fann ei hovudlykt

Ferja som trafikkerer på sambandet Dale-Eikenes har også hjelpt til med søket.

– Det einaste eg kan seie er at vi ikkje fann han.

– Det einaste vi fann var eit oljeflak og ei hovudlykt som lyste og låg og flaut i vatnet, seier kapteinen på ferja, Alf Einen, til NRK.no like før klokka 20.

Redningsmannskap på ferjekaien ved Eikenes

DYKKARAR PÅ PLASS: Fleire dykkarar vart sende ut til området ved Eikenes i Askvoll. Her blir nokre av dei frakta med båt frå ferjekaien på Eikenes og litt lenger innover fjorden.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.