Hopp til innhold

Vil ikkje godta bompengar

Frp nektar å godta Høyre sitt ønske om bompengefinansiering av ein ferjefri E39 på Vestlandet.

Vegen mellom Trondheim og Kristiansand vil koste 100 mrd. kroner, og både Høyre og Frp er samde i at investeringa bør komme, men usamde om finansieringa, skriv Nationen.

Frp vil bruke oljepengar for å byggje vegen, seier nestleiar i transport- og komunikasjonskomiteen, Bård Hoksrud.

Valforskar Anders Todal Jenssen trur usemja vil forvirre veljarane.