Hopp til innhold

Dei fleste er samde: – Eitt lokalmedisinsk senter for å møta framtidas utfordringar

Aurlandsordførar Noralv Distad (H) er soleklar på at kommunane må samarbeida om eitt lokalmedisinsk senter for å møta dei krava som blir stilt til helsetenester i åra som kjem. I dag var det møte om lokalmedisinsk senter i Lærdal, og rådmannen stilte i legefrakk for å forklara framtidas utfordringar.

Rådmann i Lærdal, Alf Olsen

STILTE I LEGEFRAKK: Rådmann i Lærdal, Alf Olsen, stilte i legefrakk då han skulle forklara kva utfordringar kommunane møter innanfor helsesektoren i framtida.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I dag var fagfolk og politikarar samla i Lærdal for å diskutera framtida til eit lokalmedisinsk senter i Sogn.

På programmet var blant anna ei statusoppdatering for kor langt ein har kome med å planleggja det lokalmedisinske senteret som skal erstatta lokalsjukehuset i Lærdal, og korleis ein på ein best mogleg måte skal tilby helsetenester til 28 000 innbyggjarar i Indre Sogn.

Problemstillinga er enkel, men likevel svært vanskeleg:

– Me blir veldig mange eldre dei neste åra. Me er eit lite befolkningsgrunnlag, so skal konkurrera om fagpersonar og kompetanse, seier rådmann i Lærdal kommune, Alf Olsen.

Lærdal vs. Sogndal

I tidlegare diskusjonar låg det an til å bli ein lokal strid mellom Sogndal og Lærdal, som begge vil ha lokalmedisinsk senter.

Ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll (Ap) har tidlegare sagt dette til NRK:

– Konsekvensen for oss ville vore at vi flytta helsetenester frå Sogndal til ein annan stad. Det er ikkje ønskjeleg ut frå eit brukarperspektiv.

Det vil bli fleire eldre dei neste åra, og kommunane vil få store utfordringar med å hanskast med denne auken.

– Me får store utfordringar i forhold til overvektsproblematikk og livsstilssjukdomar generelt, seier Margun Thue, helse- og omsorgsleiar i Lærdal kommune.

– Må samarbeida

Noralv Distad, ordførar Aurland kommune

AVGJERANDE MED SAMARBEID: Ordførar i Aurland og leiar i Sogn regionråd, Noralv Distad (H).

Foto: Margunn Tolleshaug, Aurland kommune

Noralv Distad (H), ordførar i Aurland og leiar i regionrådet i Sogn, seier at eitt lokalmedisinsk senter er alfa og omega.

– Det er heilt avgjerande. Kvar enkelt kommune kan ikkje løysa alle dei oppgåvene som skal løysast. Samhandlingsreforma krev at det skal behandlast meir på lokalt plan, kvar enkelt kommune kan ikkje løysa oppgåvene og då må me samarbeida og løysa oppgåver i fellesskap til beste for pasientar og innbyggjarar.

– Kor viktig er det då at alle kommunane er med på laget?

– Alle må vera med på å etablera Sogn lokalmedisinske senter, so me får både breidde og oppslutning, og det gjeld å utvikle det faglege tilbodet. Det er viktig at me raskt kjem fram til konkrete løysingar.

– Eg trur alle må stå samla om alle tilbodet.

Tilbakehaldne med ja-et

Ivar Kvalen

VIL IKKJE SEIA JA MED EIN GONG: Ordførar i Luster, Ivar Kvalen (Sp).

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Luster kommune har også vore litt tilbakehaldne. Heller ikkje no vil dei gi eit uforbeholdent ja til eit lokalmedisinsk senter i Lærdal.

– Me har hatt grundige drøftingar rundt dette, og det me har reservert oss mot er eit felles legevaktsamarbeid. Legevakt vil me sjølv ha, men når det gjeld dei andre tinga so vil me støtta det som skjer i Lærdal, seier ordførar Ivar Kvalen (Sp).

– Det er viktig at det er bra på rehabilitering, store moglegheiter på å få til ting i Lærdal innanfor det, og det er ting som er nesten umogleg å løysa heilt aleine for ein kommune, seier Kvalen.

– So når vedtaket kjem opp i mai/juni, då er ditt kommunestyre klare til å seia ja?

– Me skal i alle fall vurdera det. Eg trur alle kommunane i Sogn no vil venta å sjå kva innholdet skal vera før dei seier ja.

– Lokalmedisinsk senter i Lærdal er løysinga

Helse- og sosialsjefen i Lærdal, Margun Thue, seier at eit samarbeid er livsviktig.

– For at me skal klara å koma i mål med utfordringane med ei ny kommunerolle og det å gi eit fagleg forsvarleg tilbod nær der pasienten bur, so er de viktig at me samarbeider. Kommunane kvar for seg er for små.

– So behandlinga som må utskrivast etter denne diagnosen er eit lokalmedisinsk senter i Lærdal?

– Ja, det er det slik me ser det.

Rådmann Alf Olsen, prosjektleiar for Song LMS Ingrid Neste og helse- og omsorgsleiar Margun Thue

HAR LØYSINGA: Rådmann Alf Olsen, prosjektleiar for Song LMS Ingrid Neste og helse- og omsorgsleiar Margun Thue

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK