Hopp til innhold

Utflytt nordfjordfamilie opplever storflaum på nært hald

– Vasstanden vaks so fort at ein kunne sjå forskjellane frå minutt til minutt, seier Ole Schanke Eikum.

Flaum i Jakarta

STORFLAUM: Flaumen i Jakarta har råka tusenvis. Ole Schanke Eikum og familien har budd i millionbyen sidan i haust.

Foto: Ole Schanke Eikum / privat

Flaumen er den største i den indonesiske hovudstaden på mange år. Fleire tusen menneske er huslause, og statlege medium melder om fleire som har mista livet i vassmengdene.

Ole Schanke Eikum var tidlegare dagleg leiar i Sogn og Fjordane energi, men jobbar no som Innovasjon Noreg sin leiar i Indonesia, og flytta dit i fjor haust i lag med kona Wenche og deira fem år gamle dotter Marte.

– Det var verst natt til i går, då regna det vanvitig mykje. Eg er ikkje heilt sikker, men eg har høyrt at det kom 250 millimeter på eitt døgn. Folk går med vatn til halsen, seier Schanke Eikum.

(Artikkelen held fram under biletet)

Familien Schanke Eikum

BUR I JAKARTA: frå venstre: Wenche Eikum, dottera Marte og Ole Schanke Eikum.

Foto: privat

Himling raste saman

Familien bur i eit område av byen som ikkje er direkte råka av flaumen, men at dei forrykande regnet har fått konsekvensar for dei også.

Taket ramla ned

TAKET RAMLA NED: Himlingen under balkongen raste ned.

Foto: Wenche Eikum

– Me hadde ein himling under balkongen vår, men det raste saman. Det samla seg so mykje vatn over den at den ikkje tålte det. På begge soveromma må me tørka regnvatn.

Allereie tidleg i veka var flaummagasina fulle, so han seier at dei var klare over at det kunne gå gale om regnet heldt fram.

– Torsdag morgon var er på veg til ein konferanse, og eg reiste ekstra tidleg for å vera sikker på å koma fram. Då konferansen skulle starta, var berre ti av dei 60 deltakarane på plass, seier han.

15 omkomne

Jakarta er hovudstaden i Indonesia, og har litt over 10 millionar innbyggjarar.

På det verste var ein fjerdedel av byen direkte råka av flaumen, og dei store vassmengdene gjer at logistikken og dagleglivet i heile byen blir sett på prøve.

Indonesiske The Jakarata Globe meldte fredag ettermiddag norsk tid om at dødstalet no var oppe i 15 omkomne.

Flaum i Jakarta

STORE VASSMENGDER: På det meste var ein fjerdedel av Jakarta direkte råka av flaumen.

Foto: Ole Schanke Eikum

– Me fekk melding frå kyrkja me går i at to av sørvispersonalet var sakna og mest truleg omkomne i flaumen fordi dei ikkje hadde kome seg ut av ein kjellar som vart fylt med vatn, seier Schanke Eikum.

Guvernøren i Jakarta har uttalt at byen er i unntakstilstand fram til den 27. januar grunna flaumen.

– Det er vanskeleg å bevega seg i byen når mange vegar er under vatn. Det er vanskeleg å koma seg på arbeid, og varelogistikken bryt saman, seier Schanke Eikum.