Hopp til innhold

Kraftig reduksjon i tal liggjedøgn - fleire blir sende til heimkommunen

Talet på liggjedøgn ved sjukehusa i Sogn og Fjordane har blitt redusert med heile 90 prosent.

Tomt føderom Lærdal sjukehus

FÆRRE LIGGJEDØGN: Pasientane skal no raskare tilbake i kommunane, og få behandling og rehabilitering der.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Kommunane i Sogn og Fjordane er dermed langt betre enn kommunar elles i landet på å ta imot utskrivingsklare pasientar. Både KS og Helse Førde gler seg over utviklinga.

Vidar Roseth

SPESIELT: Samhandlingssjef Vidar Roseth er nøgd med reduksjonen i liggjedøgn og seier det som har skjedd i fylket er spesielt.

– På landsbasis ser ein at det har vore ei halvering av talet på liggjedøgn frå 2011 til 2012, medan vi i Sogn og Fjordane har ein nedgang på meir enn 90 prosent seier Vidar Roseth som er samhandlingssjef i Helse Førde.

– I landssamanheng er det ganske spesielt det som har skjedd i vårt fylke, seier Roseth til NRK.no.

Skal raskare tilbake

Mange meinte kommunane ikkje var klare for samhandlingsreforma som vart innført for eitt år sidan. Pasientane skal no raskare tilbake i kommunane, og få behandling og rehabilitering der.

Men i Sogn og Fjordane har kommunane klart det til no. I januar i fjor var talet liggjedøgn ved sjukehusa over 200, i desember var talet nede i 11.

Må betale 4000 kroner kvart ekstra døgn

Kommunar som ikkje greier ta i mot dei utskrivingsklare pasientane må betale 4000 kroner for kvart liggjedøgn, eit verkemiddel Vidar Roseth i Helse Førde meiner spelar si rolle. Men det er fleire grunnar til den positive utviklinga, seier han.

– I tillegg har vi fått etablert betre rutinar enn før når det kjem til informasjonsutveksling mellom sjukehusa og kommunane, i samband med at ein pasient blir innlagt på sjukehus. Det betyr at kommunane veit om pasienten i god tid og er klare til å ta imot når pasienten blir utskriven, seier han.

– Korleis har Sogn og Fjordane klart dette så mykje betre enn andre kommunar eller i landet?

– Det er vanskeleg å seie. Men vi har erfart at vi har hatt gode prosessar med kommunane og at vi har gode rutinar som blir følgde opp i dag.

Sikrar forsvarleg tilbod

Ifølgje Roseth tyder alt på at pasientane får eit forsvarleg tilbod ute i kommunane.

– Helse Førde har ingen systematisk oversikt over kvaliteten på tilbodet i kommunane. Men vi har hatt samlingar saman med kommunane og gjort nokre enkle undersøkingar som tyder på at pasientane får eit forsvarleg tilbod etter utskriving, seier Roseth til NRK.no.

Overraska KS-leiar

Jenny Følling, fylkesvaraordførar

VIL FØLGJE MED: KS-leiar Jenny Følling er positivt overraska, men at ho vil følgje med.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

KS-leiar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling er overraska over at talet på liggjedøgn har gått så kraftig ned, frå 2011 til 2011 er reduksjonen altså på 90 prosent.

– Ja, på mange måtar litt overraska. For desse pasientane må jo vere ein plass, dei må ha fått plass i kommunen, enkelte må ha fått plass på sjukeheimen. Men det viser at når kommunane får ansvar, og det blir stilt økonomi til rådvelde, så greier dei å gjennomføre oppgåvene dei blir pålagde, seier Følling til NRK.no.

– I forkant av at samhandlingsreforma vart innført var mange kommunar skeptiske og sa dei ikkje var klare, klaga dei si nød utan at dei var nødvendig?

– Kommunane har mange oppgåver og frykta kanskje å få nok ei oppgåve, og endå strengare mottakskrav til utskrivingsklare pasientar.

– Men det viser seg at dette har gått bra. Ein greier å snu seg rundt, ein har dyktige folk i kommunane som greier gjennomføre dei oppgåvene. Det ligg også litt midlar i dette at ein faktisk gir eit tilbod i eigen kommune, i staden for å betale på bøter til helseføretaka, seier ho.

Vil følgje med framover

Samtidig som KS-leiaren altså registrerer at ting har gått langt betre enn ein har venta, vil ho følgje med på utviklinga i tida framover.

– Det som blir litt spennande i forlenginga av dette er å sjå om dette er eit skippertak. Vi må sjå om dette fortrenger andre pasientar som kanskje må bu lenger heime, og få hjelp der dei bur.

– Det kan hende det og er rett, men det blir viktig å følgje med på det som skjer i kommunane slik at pasientane får den hjelpa dei treng, seier Følling.