Hopp til innhold

Soknerådet samla seg i bøn - kriseteamet er klart til å rykkje inn

«Spesielt å vere på møte når ein «nabo» til dei fleste der er i Algerie. Vi samla oss i bøn» skreiv kyrkjeverje i Gulen, Trude Brosvik på Twitter i går kveld.

Kollage Algerie og Trude Brosvik

HADDE MØTE: Soknerådet i Gulen hadde i går møte. Dei nytta høvet til å også tenkje litt ekstra på dei som er råka av tragedia i Algerie.

Foto: Kjetil Alsvik/Vegard Erstad / NTB Scanpix/NRK

Då soknerådet i Gulen hadde møte i går, nytta dei høvet til å be for dei involverte i Algerie-situasjonen.

Soknerådet hadde i går møte, og slik situasjonen var, fann dei det naturleg å be. Framleis er situasjonen uavklart for mannen frå Gulen som var på jobb på gassanlegget i In Amenas i Algerie då militante islamistar gjekk til angrep.

– Det er naturleg at når folk som trur på Gud kjem saman, at dei nyttar bøn, så det skjer nok. Også soknerådet vårt har vore saman på den måten, stadfestar Brosvik, utan at ho ønskjer å utdjupe soknerådsmøtet noko ytterlegare.

Kommunen er utan prest

Gulen er for tida utan fast prest, då soknepresten deira er sjukmeld. No vert det teke grep for å få på plass ein prest i kriseteamet til kommunen.

– Prosten i ytre Sogn har sagt at han i løpet av dagen skal ha klar den presten som skal stå til rådvelde for kriseteamet, og vere med der når og viss det trår i kraft, seier Brosvik.

Det er førebels ikkje organisert nokon møteplass eller samlingsstader for folk som ønskjer ei stille stund i samband med situasjonen som går føre seg.

– Nei, det er ikkje noko opa kyrkje her, seier Brosvik.

Ho legg til at det heller ikkje er konkrete tankar om noko slikt, men avviser ikkje at det kan verte aktuelt på eit seinare tidspunkt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Twittermelding

SAMLA: Trude Brosvik tvitra om møtet torsdag kveld.

Foto: Skjermdump / Twitter

Informasjon er førsteprioritet

– Men det er ikkje sett i verk nokre tiltak. I første omgang no trur eg det viktigaste for folk er å få vite kva som skjer. Så vil det kanskje på sikt, kanskje uavhengig av korleis utfallet blir, vere behov for støtte og hjelp seinare, seier Brosvik.

Ho peikar også på at det er opp til alle å vere eit medmenneske for folk rundt seg i den situasjonen som er.

– Eg trur kanskje at her kjem det positive med å bu i eit lite og oversiktleg samfunn til sin rett. Ein er van til å stille opp for kvarandre og ta ansvar, seier Brosvik.

Ta kontakt viss du treng det

Kriseteamet i Gulen kommune står klart dersom det skulle vere behov for det.

– Det er ikkje iverksett nokon synlege tiltak her i Gulen, men kriseteamet er varsla og rådmann og ordførar er varsla. Vi sit i grunn og ventar på utspel, seier kommunelege i Gulen kommune, Tommy Normann.

– Kva skal folk i Gulen gjere dersom dei treng nokon å snakke med?

– Dei kan ta kontakt med kriseleiar, og så kan ein få etablert kontakt med nokon av oss slik, seier Normann, og syner til heimesida til Gulen kommune for ytterlegare informasjon.

Politiet står til dispensasjon

Politiet stadfestar at dei også er klare til å hjelpe dersom situasjonen skulle krevje det.

– Så langt har ikkje det lokale politiet fått noko førespurnad frå Gulen kommune i denne saka, seier Ivar Holmaas, lensmann i Masfjorden, Gulen og Solund lensmannsdistrikt.

Men han presiserer at politiet følgjer situasjonen nøye.

– Vi er orienterte om at det er ein uavklart situasjon for ein innbyggjar i Gulen, og vi er tilgjengelege i den grad det er behov for vår hjelp, seier Holmaas.

Han legg til at det er Gulen kommune som handterer situasjonen slik den står no.

– Deira fokus, og i den grad vi skal gjere noko, så vil vårt fokus vere å hjelpe dei som er oppe i denne forferdelege situasjonen, seier Holmaas.