Hopp til innhold

Promille og høg fart på vegane

Ein mann i 30-åra er mistenkt for promillekøyring, og 27 bilførarar må punge ut etter fleire trafikkontrollar torsdag ettermiddag og natt til fredag.

Illustrasjon politi
Foto: NRK

På Nordfjordeid vart ein mann i 30-åra stogga like over midnatt etter mistanke om promillekøyring. Mannen fekk utslag på utandingsprøven, og vart tekne med til blodprøvetaking på legekontoret.

Saka blir etterforska vidare ved lensmannskontoret i Eid.

Promille stod også på agendaen for Utrykningspolitiet då dei tok turen til Aurland torsdag kveld, men ingen av dei 15 kontrollerte bilistane fekk utslag.

Seinare vart det skrive ut fire forenkla førelegg under ein fartskontroll i 60-sona ved Tønjum. Høgste målte fart var 78 kilometer i timen.

Langt fleire må punge ut etter Utrykningspolitiet i Nordfjord sin trafikkontroll i 60-sona ved Vassenden i Jølster. I alt 20 vart vinka inn for høg fart, den hastigaste heldt 79 km/t.

I tillegg fekk ein førar forenkla førelegg for bruk av mobiltelefon under køyring. To personar fekk førelegg fekk forenkla førelegg for dårleg skraping av isdekte ruter.

I utgangspunktet er det forenkla førelegge på 2000 kroner. Ved graverande tilfelle kan dårleg skrapte ruter fører til beslag av førarkort.