Hopp til innhold

18. plass for Aafedt Flatland

Ann Kristin Aafedt Flatland skaut seg vekk på sprinten i italienske Anterselva, og enda til slutt på 18. plass.

Ann Kristin Aafedt Flatland

NEDTUR: Ann Kristin Aafedt Flatland enda på 18. plass i Anterselva. Her frå sesongopninga på Beitostølen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Jenta frå Vik gjorde comeback i verdscupen i Rupholding førre veke, etter å ha blitt mamma i april. Ho gjekk ein god etappe då Norge vann stafetten, men i dag var ho langt frå pallen.

Ho skaut fullt hus på første skyting, men på andre skyting gjekk det verre. To bom vart det, og verdifulle sekund gjekk tapt.

Aafedt Flatland kom i mål 1.10,3 minutt bak slovakiske Anastasiya Kuzmina som vann sprinten.

Tora Berger vart beste norske på ein 14. plass.

Har vært borte fra verdenscupen i ett og ett halvt år etter å ha fått barn.

Det gjekk betre i verdscupcomebacket enn det gjorde i torsdag i Anterselva.