Hopp til innhold

Framleis uavklara om Gulen-mann

Situasjonen for nordmennene i gisseldramaet i Algerie er framleis uavklara. Ein mann frå Gulen er mellom dei involverte.

ALGERIA-MALI-CONFLICT-ENERGY-KIDNAP

GISSEL-DRAMA: Tilsette blei haldne som gislar ved gassanlegget i In Amenas aust i Algerie.

Foto: Kjetil Alsvik/Statoil / Afp

Det har pågått ein militæraksjon ved gassanlegget til Statoil ved In Amènas i Algerie torsdag ettermiddag. Ifølgje den algeriske avisa TSA skal den algeriske hæren ha teke full kontroll over gassanlegget.

Det var tidleg natt til onsdag at militante islamistar gjekk til åtak på eit Statoil-anlegg ved grensa mot Libya.

Løpande kontakt med pårørande

Informasjonssjef Bård Glad Pettersen i Statoil seier at situasjonen er uavklara for dei ni norske gislane.

– Situasjonen på bakken er svært uoversiktleg. Omsynet til tryggleiken for dei som er involverte styrer all vår handtering, også kva for informasjon vi kan gi ut. Vi held løpande kontakt med dei pårørande, seier han.

Ein talsmann for gisseltakarane sa tidlegare dag til nyheitsbyrået ANI at 34 utanlandske gislar var blitt drepne i eit luftangrep ved anlegget. Dette er ikkje stadfesta frå anna hald. Fire gislar skal ha blitt befridd.

Skal vere fleire drepne

Utenriksdepartementet ønskjer ikkje å kommentere opplysningane om at gislar blei drepne i angrepa. Heller ikkje Statsministerens kontor vil kommentere desse opplysningane.

Totalt 13 norske Statoil-tilsette har vore involvert i terroranslaget mot gassanlegget i In Amenas i det sørlege Algerie. Fire av desse er stadfesta å vere i sikkerheit. Statoil har tidlegare opplyst at ni norske arbeidarar er involvert i gisselaksjonen.