Hopp til innhold

– Ein kan ikkje tvinge vaksne menn til å vera vener

Førre gong striden i Flora Høgre var oppe, sa gruppeleiar Hanne Husebø Kristensen at ho ikkje kom til å godta meir bråk. Men no har det skjedd på nytt.

Hanne Husebø Kristensen, Jacob Nødseth og Vidar Grønnevik

SKUFFA: Gruppeleiar i Flora Høgre, Hanne Husebø Kristensen. Innfelt til venstre er Jacob Nødseth og til høgre Vidar Grønnevik.

Foto: montasje NRK / A til Å reklamebyrå

– Ein kan ikkje tvinge vaksne folk til å bli vener. Men eg hadde trudd at ein kunne lage eit regelsett som ein kunne bli einige om å fungera etter, og det har det fram til no, fungert slik som det var tenkt. No viser det seg at det ikkje fungerer lenger, seier Husebø Kristensen.

Onsdag blussa bråket i kystbyen opp att. Jacob Nødseth skuldar sin partifelle Vidar Grønnevik for rolleblanding, medan Grønnevik svarar at dette er politisk skitkasting.

– Reglane er ikkje blitt følgt

Då Husebø Kristensen tok til i vervet som gruppeleiar, sette ho ned nokre krav.

– Det var ei samla gruppe som stod bak dei kriteria eg la til grunn for å stille opp som gruppeleiar, og i det låg det blant anna eit sett med reglar for korleis me skulle takla eventuelle usemjer. Eg kan vel berre konstatera at dei ikkje er blitt følgt.

– Det syns eg er veldig vanskeleg og skuffande.

Ho seier at dette kjem til å bli tatt opp på gruppemøta, som dei har kvar måndag.

– Varaordførar Jan Henrik Nygård frå Venstre har sagt at det politiske miljøet i Flora er prega av bråket i Høgre, kva kan du gjere med det?

– For vår del er det ein heilt korrekt karakteristikk, slik er det. Det meste me jobbar med, er prega av uroa. Det går utover både det å drive politikk og drive fram andre saker. Eg veit ikkje kva andre føler, men eg trur varaordføraren har rett.

– Håpar folk kan skilja mellom konflikt og politikk

Husebø Kristensen har tidlegare uttalt at «Eg er redd for at det har vore veldig øydeleggjande for Høgre i Flora og Høgre i heile Sogn og Fjordane. Difor er det viktig at vi no endrar kurs. Det er nok mange høgreveljarar som no går rundt og er litt flaue over å bli assosiert med Høgre og det bråket partiet har stått for.»

(Artikkelen held fram under biletet)

Jacob Nødseth (t.v.) og Vidar Grønnevik

KONFLIKT: Jacob Nødseth (t.v.) og Vidar Grønnevik

Foto: A til Å reklamebyrå / Heidi Lise Bakke / NRK

Det utsegna er noko ho kan stå inne for no også.

– Det er nok framleis eit gyldig utsegn, men eg har eit håp om at folk etter kvart skal skilja mellom konflikten og det som er høgrepolitikken.

– Grønnevik er ein ryddig person

– Eg vil gi uttrykk for at Grønnevik er ein ryddig person, og eg er sikker på at den jobben har gjort er god. Det kjem til å ligga til grunn for møtet eg kjem til å ta opp denne saka.

– No har du gitt ein karakteristikk av Grønnevik, korleis vil du beskrive Nødseth?

– Det har eg ingen kommentar til.

– Kvifor ikkje?

– Eg vil skilje mellom sak om person. Det er både lov og ikkje vanskeleg å vera ueinig i saker, men det er veldig vanskeleg når dei mellommenneskelege forholda er so vanskelege som dei er her.

Den fjerde februar er det årsmøte i Flora Høgre.