Hopp til innhold

Ordførar sel tomt til spottpris dersom utbyggjar lovar utleige

Er du villig til å tilby seks utleigeeiningar, får du ei av dei beste byggetomtene i Eid til spottpris. Kommunen går nye vegar for å få på plass fleire utleigeleilegheiter.

Alfred Bjørlo

VIL LØYSE: Ordførar Alfred Bjørlo trur konkurransen vil føre til fleire utleigeleilegheiter i Eid.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Eid kommune lyser ut konkurranse mellom utbyggjarane, og gevinsten er ei av dei beste byggjetomtene på Golvsengane i sentrum.

Stor mangel på utleigebustadar gjer at tilflyttarar slit med å finne gode leilegheiter i tettstadane i fylket.

Slit med å finne stad å bu

Ordførar Alfred Bjørlo er uroa over at det i dag er vanskeleg for tilflyttarar å få tak i ein god bustad.

– Det har vore eit stort problem i Eid dei siste åra at det rett og slett er stor mangel på gode utleigeleilegheiter til folk som ønskjer å busetje seg i Eid, seier ordførar Alfred Bjørlo.

Fleire stadar i Sogn og Fjordane er i ein paradoksal situasjon. For sjølv om ein ynskjer fleire innbyggjarar, slit tilflyttarane med få tak i ein stad å bu. Særleg utleigemarknaden er sprengt i fleire av dei store tettstadane på grunn av mangel på gode leilegheiter.

Eid kommune har ein idé som kan bidra til å løyse problemet.

Må ha utleige i ti år

Dei lyser no ut ein konkurranse. Viss ein utbyggjar tilbyr minst seks utleigeeiningar i ti år framover, får han kjøpe ei kommunal tomt på 3,2 mål tomt i sentrum til spottpris.

– Vi stiller med tomt. Det utbyggjar treng å forplikte seg til er å halde av eit visst tal leilegheiter til gjennomgangsbustader til utleige i ti år. Ut over det kan du byggje og gjere det du vil på tomta. Slik prøver vi no å få fart på bygging av moderne og gode utleigeleilegheiter i Eid, seier Bjørlo.

Det vert stilt krav til at leilegheitene skal vere gjennomgangsbustader, med maksimal leigetid på tre år.

No er Bjørlo spent på om utbyggjarar her i fylket ser moglegheiter. Håpet til venstreordføraren er å få letta prosessen med å slå seg ned i Sogn og Fjordane.

– Dette er eit problem mange stader i landet. Her i fylket trur eg at ein har sett same problema både i Førde, Sogndal, Florø og Eid. Eg trur det å få fart på bygging av utleigebustader og ha eit godt tilbod på det, er nøkkelen til vekst over heile fylket, seier Bjørlo.