Hopp til innhold

Neste helg blir det to Fannemelar i verdas største hoppbakke

Lorentz Fannemel frå Hornindal får prøve seg i verdas største skiflygingsbakke i neste veke. – Eg er litt nervøs og spent, seier han.

Lorentz Fannemel

PRØVEHOPPAR: Lorentz Fannemel frå Hornindal skal prøvehoppe i Vikersund.

Foto: Sogn og Fjordane Skikrins

Han skal teste bakken før søskenbarnet Anders Fannemel skal hoppe.

Skiflygingsbakken i Vikersund er verskap for det første skiflygingsrennet denne sesongen, og alt 19 norske rekrutthopparar er tekne ut som prøvehopparar.

Ein av dei er Lorentz Fannemel, søskenbarnet til Anders Fannemel.

– Når eg sit på toppen av bakken so er eg nok både nervøs og spent. Samstundes so har er sopass kontroll at eg ikkje er uroleg for å hoppe, seier han.

Han går tredje året på NTG si toppidrettslinje for hopp på Lillehammer, og før han tok til der, var han ein av dei beste hopparane i aldersbestemte klassar i Sogn og Fjordane.

Ein hoppar har berre lov til å hoppe maks fire hopp per dag i ein skiflygingsbakke. For å hoppe i ein så stor bakke er ei stor mental påkjenning.

– Eg reiser ned torsdag for å prøve bakken. Eg har høyrt at den er tung og at det er vanskeleg å koma langt ned i bakken om ein ikkje hoppar godt teknisk.

– Du har jo eit søskenbarn som har hoppa veldig langt der, du kan kanskje få nokre tips frå han?

– Ja, han har jo kanskje nokre triks å koma med.

– Håpar folk heiar på Lorentz

Rennleiar i Vikersund, Ole Gunnar Fidjestøl, seier prøvehopparane er viktige for rennleiinga.

– Hopparane gir mange svar vi treng for å sette rett fart og sørgje for god tryggleik, seier Fidjestøl.

Arrangøren oppmodar folk til å komme og heie på Fannemel.

– Dette kan bli ei fantastisk skiflygingshelg, og vi håper mange kjem for å heie på Lorentz torsdag, seier Vikersundpresident Håvard Orsteen.