Hopp til innhold

Mann frå Gulen på jobb for Statoil i Algerie - situasjonen ukjend

Ein mann frå Gulen er på jobb for Statoil på anlegget i Algerie som i dag tidleg vart teke over av inntrengjarar.

Gassanlegg i Algerie

ANGRIPE: Statoils anlegg i Algerie vart onsdag morgon angripe.

Foto: Kjetil Alsvik/Statoil / Reuters

Torsdag morgon er situasjonen framleis uavklart for mannen som var mellom 13 norske Statoil-tilsette på eit gassanlegg i Algerie, der militante islamistar slo til natt til i går.

NRK har vore i kontakt med kona til mannen. Ho stadfestar at mannen er på jobb i Algerie, men korkje kan eller vil seie noko meir om situasjonen no.

Det var tidleg natt til onsdag at militante islamistar, truleg frå Mali, gjekk til åtak på eit Statoil-anlegg ved grensa mot Libya.

Ei malisk aksjonsgruppe seier dei står bak.

To personar er skadde

På presseonferansen i ettermiddag stadfesta Lars Christian Bache i Statoil situasjonen på anlegget deira i Algerie.

Det var 41 medarbeidarar på anlegget då det vart teke over av inntrengjarar. 13 av dei var norske. To av medarbeidarane er skadde, men ikkje alvorleg. Fire er no i ein miltærleir utanfor anlegget.

Statoil vil ikkje seie noko om situasjonen til dei 13 tilsette som ikkje er i leiren.

– Me forstår at det er eit informasjonsbehov i denne saka, men tryggleiken til dei tilsette står i høgsetet. Difor er det ikkje alt me kan gå ut med om det som har skjedd, sa Bache på pressekonferansen.

Gjer det dei kan

– Me har vore i løpande dialog med algeriske og norske styresmakter, og gjer alt me kan for å hjelpa til, seier Bache.

Han seier at det viktigaste dei nå jobbar med er å støtta organisasjonen sin i Algerie, og følgja opp dei pårørande i Norge og ute i verda.

– Dei opplever nå ein ekstrem situasjon. Me har fått inn informasjon om at to av våre tilsette har kome til fysisk skade, ikkje alvorleg men situasjonen er uavklart og veldig uoversiktleg.

Statoil har oppretta eit pårørandesenter i Bergen. Pårørande kan også ringa på telefon 800 83 003, fortalte dei på pressekonferansen.