Hopp til innhold

Promillekøyrar henta promillekøyrar

Ein nordfjording i 20-åra er tiltalt for promillekøyring etter at han skal ha henta sin fulle kamerat etter ei trafikkulukke i Selje.

Bil køyrde av vegen og tok fyr i Selje

UNDER: Ein mann i 20-åra kom frå det utan alvorlege skader då han køyrde av vegen i rusa tilstand. No er ein kamerat sikta og tiltala for å ha henta han i rusa tilstand.

Foto: Politiet

Ulukka skjedde ved Eide i Selje natt til 22. november i fjor. Statens vegvesen har slått fast at ulukkesbilen køyrde i kring 100 km/t då den køyrde over ein støypekant, flaug kring 30 meter og hamna på taket før den byrja å brenne.

No er ein mann i 20-åra sikta for promillekøyring etter at han skal henta kameraten sin frå ulukkesstaden.

– Vi har teke ut tiltale mot mannen, og har sendt saka over til tingretten for beramming av hovudforhandling, seier Politioverbetjent Nils Bakke ved Vågsøy lensmannskontor.

La vekk sak

Føraren av ulukkesbilen har erkjent dei faktiske forholda, og har samtykka til tilståingsdom.

I samband med at han vart køyrt vekk frå staden, vart to personar hanka inn av politiet, mistenkt for promillekøyring.

– Saka mot den eine vart lagt vekk på bevisets stilling, seier Bakke og ikkje vil gå inn på kva bevis dei har mot mannen som no er sikta i saka. Det vart teke blodprøve av mannen ut på dagen etter ulukka.

100 km/t

Politiet mistenkte raskt at mannen køyrde langt over fartsgrensa då ulukka skjedde.

Mannen er sikta både for promillekøyring , for å ha køyrt aktlaust og for å ha køyrt fortare enn fartsgrensa på 80 kilometer i timen.

– Statens vegvesen har rekna seg fram til at farten var kring 100 km/t. Det er oppoverbakke på ulukkesstaden, og bilen har gått over ein murkant, noko som forsterka «hoppeffekten». For ein lekmann kunne det fort sjå ut som om farten var høgare, seier Bakke.

Vakna i bilen

Føraren av ulukkesbilen kom utruleg nok frå ulukka utan alvorlege skader. Bilen landa på taket og byrja å brenne. Mannen har forklara at han vart med bilen på heile den ville ferda.

Det var ingen vitne til ulukka.

– Mannen har forklara at han truleg var medvitslaus ein periode, men vakna inne i bilen før han tok seg ut av bilvraket. Bilen skal ifølgje han sjølv byrja å brenne med det same. Det er eit under at han kom frå det i live, avsluttar Bakke.