Hopp til innhold

Trailer sperra rv 5 i Jølster

Ein minisemitrailer som saksa, sperra riksveg 5 mellom Skei og Sogndal i to timar

Saksa ved tunnel - vegen vart stengd

SAKSA: Trekkvogna og tilhengaren vart ståande nesten parallelt.

Foto: NRK-tipsar

Det var litt før klokka 12.30 føraren av traileren fekk problem med kontrollen ved utgangen av Kleivatunnelen mellom Skei og Lunde. Traileren saksa seg og sperra heile vegbana.

På Vegtrafikksentralen får NRK opplyst at ein bergingsbil frå Førde Bilberging var på plass om lag klokka 13.50. Klokka 14.30 hadde dei fått bilen såpass ut av vegen at trafikken kunne gå i eitt felt.

Men først i 17-tida var dei heilt ferdige med bergingsarbeidet.

Det skal ikkje vere personskade i samband med uhellet, som skjedde på Lunde-sida av Kleivatunnelen, som er den første tunnelen langs Kjøsnesfjorden når ein køyrer frå Skei mot Sogndal.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.