Hopp til innhold

Nektar å byggje servicesenter ved stavkyrka i Vik

–- Det er uaktuelt å byggje eit servicebygg ved sida av Hopperstad stavkyrkje, seier leiar Jon E. Tamnes i Fortidsminneforeininga i Sogn og Fjordane.

Hopperstad stavkyrkje i Vik

NEKTAR: Fortidsminneforeininga nektar å setje opp servicebygg ved stavkyrkja i Vik.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Hopperstad stavkyrkje i Vik er bygd kring 1130 og er ei av dei fem bevarte stavkyrkjene i Sogn.

Det er Bergens Tidende som skriv at kommunestyret i Vik har avgjort å leggje til rette for eit servicesenter like ved den 900 år gamle stavkyrkja.

Der skal folk kunne kjøpe billettar til kyrkja, suvenirar og mat. I tillegg skal det vere toalett der.

Riksantikvaren har godkjent plasseringa. Men fortidsminn­eforeininga, som eig kyrkja, nektar å setje opp eit slikt bygg.

– Det vil svekke samspelet og heilskapen av kulturminnet og landskapsrommet i vesentleg grad, skriv foreininga i eit brev til Fylkesmannen.

Ordførar Marta Finden Halset (Ap) likar ikkje haldninga til Fortidsminneforeininga.

– Også dei må innrette seg etter offentleg forvaltning og planstyremakter, seier ho til Bergens Tidende.