Hopp til innhold

Braut fartsgrensa med 10 km/t - bad om å få sleppe med åtvaring

Den litauiske vogntogsjåføraren meinte han burde sleppe med ei åtvaring for fartsoverskridinga. No blir han meld.

UP held fartskontroll.

KONTROLLERTE: Up har kontrollert trafikken i både Sogn og Nordfjord tysdag.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Yrkessjåføren godtok ikkje førelegget for fartsoverskridinga og skulda i staden Utrykningspolitiet for å vere ute etter utlendingane.

– Han var ein av dei få det ikkje går an å snakke til, og stod fast på at han burde sleppe med ei åtvaring. Det er klart, 70 km/t i 60-sona tilsvarar eit forenkla førelegg på 1.600 kroner og det er mykje pengar for han, seier Bjarte Aasen i utrykningspatruljen til NRK.no.

Gav seg ikkje

Men lova skal vere lik for alle, og påstanden til yrkessjåføren vart raskt tilbakevist då patruljen dokumenterte nasjonaliteten til dei 13 andre bilførarane som reiste frå Byrkjelo med forenkla førelegg i lommeboka.

Vogntogsjåføren gav seg likevel ikkje.

– No blir forholdet meldt og saka sendt til jurist, og førelegget truleg sendt til Litauen, seier Aasen.

Høgste fart: 77 km/t

Høgste målte fart under kontrollen var 77 km/t, noko som tilsvarar 4.200 kroner i bot.

I tillegg fekk ein bilførar gebyr for manglande bruk av bilbelte.

– Med tryggleiksmarginen trekt frå låg hovudtyngda av bilistane vi stogga i dag på mellom 70 og 77 kilometer i timen. Og 80 km/t i ei 60-sone kan gjere det svært vanskeleg å stogge i gjevne situasjonar, seier Aasen.

Kontrollar i Sogn

I Sogndal vart 28 bilførarar kontrollerte av Utrykningspolitiet og det lokale lensmannskontoret.

Her vart det skrive ut fem gebyr til bilistar som ikkje sikra seg med bilbelte, medan ein annan fekk forenkla førelegg for å ikkje ha kjennemerket montert framme på bilen.

Ein siste bilførar fekk gebyr for manglande dokument.