Hopp til innhold

16-åring fyllekøyrde med traktor

Sogn tingrett har dømt ein 16 år gamal gut til fengsel på vilkår i 21 dagar for promillekøyring med traktor.

Det var i slutten av november 2012 guten tok seg ein køyretur seint på natta. Men politiet var også ute på vegane, og han vart stansa og måtte til lege for å ta blodprøve.

Prøven vart teken klokka 03.53 og viste ein alkoholkonsentrasjon på 1,57 promille.

Påtalemakta hadde innstilt på at 16-åringen skulle få samfunnsstraff i 24 timar, men Sogn tingrett meinte at han i så fall ville få eit stort fråvær på skulen. Den unge alderen gjer at han slepp fengsel utan vilkår.

Dermed enda det på 21 dagar fengsel på vilkår pluss ei bot på 4000 kroner. I tillegg misser han retten til å køyre traktor i 22 månader.