Hopp til innhold

Klarte ikkje halde seg på rett side av lova - no må mannen i fengsel

Eitt år etter at han sist vart dømd, vart sunnfjordingen i 20-åra på nytt dømd for omgang med narkotika. No må han 45 dagar i fengsel.

Allereie halvåret etter at Fjordane tingrett dømde han til fengsel i 36 dagar og 4.000 kroner i bot for brot på narkotikalova, var mannen på nytt i politiet sitt søkjelys.

For mannen klarte ikkje å halde seg på rette side av lova dei neste to åra, som var vilkåret for å sleppe å sone fengselsstraffa. I mai og juni kjøpte sunnfjordingen ti gram hasj, som han også brukte.

Sunnfjordingen tilstod og samtykka til at saka gjekk som tilståingsdom. Sidan dei nye lovbrota skjedde i prøvetida på ein tidlegare dom, fekk mannen ein felles dom for dei to besøka i tingretten.

Sjølv om det var snakk om ei mindre mengde narkotika, fann retten det riktig å reagere med fengselsstraff.

Tingrettsdommar Ida Kristin Bøen la vekt på at narkotika er eit betydeleg samfunnsproblem, og at kjøp medverkar til å halde oppe ein marknad for omsetjing av narkotika. Retten la også vekt på at mannen er tidlegare straffa, utan at han ser ut til å ha teke lærdom av det.

I formildande lei la retten vekt på at mannen erkjende forholdet og samtykka i tilståingsdom. I tillegg til fengselsstraffa på 45 dagar, må mannen betale 6.000 kroner i bot.

Tre dagar varetektsfengsling kjem til fråtrekk i fengselsstraffa.