Hopp til innhold

Innbrot i hytter i Flora

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Det har vore innbrot i to hytter i Holmesund vest for Eikefjord i Flora kommune.

Det er uvisst når innbrota har skjedd fordi eigarane ikkje har vore i hyttene sidan i haust. Politiet var og undersøkte i dag, men det er førebels uklart om noko er stole frå hyttene.

Politiet har ikkje grunn til å tru at det har vore innbrot i fleire hytter, men ber dei som eig fritidsbustader i området om å sjekke.

Holmesund ligg like vst for Steinhovden i Høydalsfjorden.