Hopp til innhold

Difor skil det så mange kuldegrader

Det er knappe ei mil i luftlinje mellom Veitastrond i Sogn og Stardalen i Sunnfjord, likevel var det heile 17,8 grader skilnad i temperaturen måndag morgon.

Stardalen og Veitastrond

STORE SKILNADER: Det er ikkje langt mellom Stardalen (arkivfoto) og Veitastrond – likevel er det store temperaturskilnader.

Foto: Harald Sætre/Sondre Dalaker

Dei to bygdene ligg på kvar si side av Jostedalsbreen. Medan innbyggjarane på Veitastrond i Luster målte 24,5 minusgrader, var det «berre» 6,7 blå grader i Stardalen i Jølster.

Statsmeteorolog Steinar Skare ved vêrvarslinga på Vestlandet seier det truleg er skyer og vind som er medverkande til den store temperaturforskjellen.

– Det kan vere årsaka til skilnaden. Dersom det er lite skyer, blir lufta raskt avkjølt på nattetid. Varmetapet er stort. Det er det som kan ha skjedd på Veitastrond i natt.

Er det skyer i området, vil dette avgrense tapet av varme frå lufta.

– Vinden spelar også ei rolle. Bles det, vil kald og varm luft bli blanda og temperaturen bli høgare, seier Skare.

(Artikkelen held fram under kartet)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ifølgje Skare er det ikkje alltid å så mykje vind og skyer som skal til før det blir store temperaturskilnader.

– Har Jostedalsbreen noko å seie, det at bygdene ligg på kvar si side?

– Den kan ha noko å seie, men det er mest det med lite skyer og vind som gjer det kaldt no om vinteren.

Sjø og fjord varmar lufta

På Stadlandet var det i dag tidleg plussgrader. I ei tekstmelding NRK fekk, stod det: «Forunderlege Sogn og Fjordane – minus 24 på Veitastrond, utanfor kjøkenglaset mitt er det pluss tre». Skare har forklaring på dette også.

– På Stad og andre stader langs sjøen verkar havet inn. Sjøtemperaturen utanfor kysten ligg på 6–8 grader. Dermed blir lufta varma opp av temperaturen i vatnet.

Akkurat no er det austlege vindar som kjem inn over fylket, noko som også fører til at temperaturen går ned. Kjem vinden inn frå havet, blir temperaturen høgare.

– Også i fjordane kan vi merke at vatnet har mykje å seie. Langs Sognefjorden er det ikkje fullt så kaldt som lenger frå fjorden. Det er veldig merkbart når fjorden er islagt, for då blir det ein del kaldare også her, seier han.

Kuldehol

Veitastrondvatnet er islagt og Skare seier at det også kan ha noko å seie for kulden.

– Lufta får ikkje henta varme frå vatnet. Ein open sjø eller vatn vil bidra til at det ikkje er så kaldt. Då blir det heller ei kjensle av at det er rått.

Eit anna fenomen er såkalla kuldehol, der ein ofte opplever at det kaldare enn andre område rundt. Ein temperatur-inversjon vil seie at temperaturen aukar i høgda. Lufta ved bakken blir nærast låst og slepp ikkje ut.

– I dalar kan det bli stilleståande luft. Den blir ikkje blanda med lufta som er over. I store byar kan det føre til forureining fordi lufta ikkje slepp ut, seier Steinar Skare.