Hopp til innhold

Sløkker gatelysa for å spare pengar

Det går mot mørke tider i Hornindal. På fredag sløkker nemleg kommunen gatelysa langs kommunale vegar heile døgnet.

Hornindal

BLIR MØRKT: På fredag blir vegar og plassar i Hornindal mørklagde etter eit vedtak om å spare pengar.

Foto: Bengt Flaten / Fjordingen

Vedtaket vart gjort for å spare pengar i budsjettet før jul. Det har alt komme sterke reaksjonar til mørklegginga, skriv avisa Fjordingen i dag.

– Dei aller fleste, meg sjølv inkludert, har ikkje forstått alvoret i saka når gatelysa no blir sløkte heile døgnet, seier leiar Stig Olav Lødemel (H) i utviklingsutvalet.

Innsparinga av er på 136 300 kroner og gjeld der kommunen betaler for lyspunkta, mellom anna langs deler av fylkesvegen i kommunen og i bustadfelt.

Sløkkinga av gatelys stod oppført på kuttlista då kommunen skulle spare 6,8 millionar kroner. Men mørke gater blei ikkje diskutert, verken i utviklingsutvalet, formannskapet eller i kommunestyret.

Hadde fokus på helse og skule

I partiet Høgre var ikkje sløkking av gatelys eit tema.

– Fokuset låg på å redde mest mogleg av tilbodet på skulen og omsorgssenteret, seier Lødemel.

Heller ikkje Arbeidarpartiet hadde fokus på gatelysa då kutta skulle gjerast. I Venstre var det eit tema, men her var det usemje om kuttet.

Eldar Englund i Senterpartiet seier dei var klar over sløkkinga, men at dei trudde det berre gjaldt periodar.

– Også i mitt parti var det mest fokus på helse og skule, seier han.

– Bør vere lys morgon og kveld

Det har kome sterke reaksjonar etter at konsekvensane av budsjettvedtaket no går opp for folk. Stig Olav Lødemel i Høgre forstår at folk reagerer.

– Det er ikkje kjekt å kome til ei mørklagd bygd. Iallfall om kvelden og om morgonen bør det vere lys, så kan det heller vere mørkt nattetid, seier han.

No opnar kommunen for at private kan betale for å få lys i enkeltpunkt.

Ordførar i Hornindal, Anne-Britt Nygård, seier til NRK.no at vedtaket er gjort.

– Eg har enno ikkje fått reaksjonar på dette. Det var vanskelege prioriteringar, og vi valde å ta eit kutt her, seier ho.