Hopp til innhold

Ingen pris til «Kon-Tiki»

Det blei ingen Golden Globe-pris til filmen Kon-Tiki som Aage Aaberge frå Sogndal har produsert.

Aage Aaberge under Kon Tiki-innspelinga

SOGNDØL STÅR BAK: Aage Aaberge frå Sogndal er produsent for kino-suksessen Kon-Tiki.

Foto: Pressefoto

Den norske filmen var nominert i klassen for beste utanlandske film. Førehandsfavoritten «Amour» frå Austerrike stakk av med den gjeve prisen under utdelinga i Los Angeles.

Sogndølen Aage Aaberge har opplevd stor suksess med filmen om Thor Heyerdahl som kom ut i 2012. Den blei ein umiddelbar suksess på norske kinolerret. Filmen er sett av nesten 900 000 på norske kinoar, og er seld til meir enn femti land. Det var den best besøkte kinofilmen i Norge i 2012.

Men sjølv om det ikkje blei pris i natt norsk tid, kjem det snart ein ny sjanse. Like før helga blei det nemleg klar at «Kon-Tiki» blei nominert til Oscar for beste framandspråklege film. Oscar-statuetten blir delt ut den 24. februar i Los Angeles. Også her kjempar «Kon-Tiki» mot mellom anna «Amour».