I 1980 var det nærare 1700 fødslar i fylket medan det var 1000 i fjor. Nedlegging av fødetilbodet i Eid og Lærdal gjer at fleire føder utanfor fylket, men uavhengig av dette er fødselsnedgangen stor, seier Oddbjørn Bukve, professor ved Høgskulen i Sogndal.
– Fødselstalet går ned. Det blir fødd færre born per kvinne enn det som skal til for å halde folketalet oppe, seier han.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Dårleg ut utan innvandring
Statistikken over talet på fødslar ved Helse Førde sine institusjonar talar sitt klare språk. Medan det i 1980 var nærare 1700 fødslar, kom det i 1148 babyar til verda i 2010. I fjor kom 1000 nye verdsborgarar til verda.
Ein del av nedgangen det siste året kjem av at fleire vel å føde utanfor fylket fordi fødetilbodet i Eid og Lærdal er lagt ned. Men uansett korleis ein ser på det, blir det fødd stadig færre barn i fylket. Utan dei mange innvandrarane, hadde det sett dårleg ut, seier Bukve.
– Då hadde det vore dårlegare stelt med både folketalet og næringslivet, seier han.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Trur nedgangen held fram
Det at det no er berre Sentralsjukehuset i Førde som tek imot fødande i fylket, gjer det naturleg at fødselstalet går klart ned, seier Kjellaug Fredly, assisterande avdelingssjef ved kvinneklinikken i Førde.
– Vi sit igjen med ein fødeinstitusjon og då må vi rekne med ein nedgang på dei som føder innanfor fylket.
Fredly trur endå færre enn fjorårets 1000 kvinner kjem til å føde ved Sentralsjukehuset i år.
– Eg ser føre meg at vi får ein nedgang innan fylket, seier ho.
Klarer å lokke folk
Det var i 1980 106.000 innbyggjarar i fylket, mot i overkant av 108.000 no. Oppgang for næringslivet er også ein viktig grunn til at vi har greidd å halde folketalet oppe i fylket, seier Bukve.
– Næringslivet i Sogn og Fjordane går godt. Det betyr at vi klarer til å trekkje til oss folk utanfrå.