Hopp til innhold

Ein sjåfør mista førarkortet

Utrykningspolitiet var på søndagsvakt på E39 ved Hjelle. For mange prikkar, for høg fart og manglande bilbelte vart resultatet.

Til saman seks bilførar vart nokre kroner fattigare etter å ha blitt stoppa av politiet.

Ein av dei fekk også førarkortet inndrege då det hadde meir enn 8 prikkar i seg.

Utrykningspolitiet stod i 60-sona ved Hjelle på E39 i Nordfjord.

Ein førar fekk gebyr på grunn av manglande bilbelte, og to måtte ut med 1300 kroner kvar fordi dei snakka i mobiltelefon.

I tillegg fekk tre sjåførar fartsbøter.
Høgste målte fart i kontrollen i 60-sona var 78 kilometer i timen.