Hopp til innhold

- Eg håpar dette gjer inntrykk

Rundt 250 personar møtte opp i Sogndal for å støtte opp om markeringa for asylbarna som risikerer å bli sende ut av landet.

Rundt 250 personar møtte opp i Sogndal for å støtte opp om markeringa for asylbarna som risikerer å bli sende ut av landet.

ENGASJEMENT: Mange hadde møtt opp for å vise sin misnøye med korleis asylbarn som har vore lenge i Norge blir behandla. Bistandsadvokat Maria Kirkeeide Ravnå var blant dei som heldt appell. (Foto: Christian Blom)

– Eg håpar dette gjer inntrykk på politikarane, seier Trude K. Knagenhjelm som er ein av initiativtakarane til markeringa i Sogndal.

Ho er godt nøgd med oppmøte, og trur saka engasjerer mange.

– Det var kjempeflott å sjå at så mange møtte. Det var ei veldig rørande markering, med flotte appellar og kulturelle innslag, seier ho til NRK.no.

Protesterer mot avgjerd i Høgsterett

Heile 22 stader i landet blir det i dag arrangert demonstrasjonar for dei 544 asylbarna som står i fare for å bli sende ut av Norge.

Bakgrunnen for støttemarkeringane er at Høgsterett den 21. desember heldt oppe eit utvisingsvedtak for to asylbarn.

Høgsterett kom fram til at omsynet til barnet sitt beste skal bli vurdert opp mot såkalla innvandringsregulerande omsyn, slik regjeringa har skildra i stortingsmeldinga «Barn på flukt».

Barn sitt beste skal vege tungt, men ikkje trumfe alt, slo Høgsterett fast.

Ifølgje dei som demonstrerer i dag, viser dommen at dagens lovverk ikkje er godt nok for å sikre barnekonvensjonen si stilling når det gjeld asylborn.

(Artikkelen held fram under biletet)

Havila (6) og Paola (2,5) risikerer å bli sende ut av landet. Her på støttemarkeringa i Sogndal

KAN BLI SENDE UT: Søskena Havila (6) og Paola (2,5) i midten risikerer å bli sende ut av landet.

Foto: Christian Blom

– Ufatteleg trist og vond situasjon

I Sogndal var det Støttegruppa for Havila og Paola på Kaupanger som var arrangør. Trude K. Knagenhjelm var ein av initiativtakarane og kjenner sjølv familien.

At dei to søskena på seks og 2,5 år no risikerer å bli sende ut av landet er heilt feil meiner ho.

– Eg engasjerer meg fordi eg kjenner familien og desse to barna. Sidan eg sjølv har barn kjenner eg veldig sterkt på at om dette hadde vore mine barn, og dei ikkje hadde noko rettsvern, så hadde det vore veldig sårt.

– Ein kan levande førestelle seg kor ufatteleg trist og vond denne situasjonen er, seier ho.

Begge dei to søskena er fødde i Norge, men får ikkje opphald.

– Dei har budd i Norge i heile sitt liv og kjenner berre Norge, seier ho om søskena som har foreldre frå Burundi.

Stiller krav til politikarane

Krava frå dei som deltok i støttemarkeringa i dag er klare. For det første krev dei strakstiltak og ei ny forskrift som slår klart fast at barn sitt beste skal gå føre innvandringspolitiske omsyn.

Demonstrantane krev også at FN sin Barnekonvensjon skal ha forrang i saker som omhandlar barn i Norge, inkludert i utlendingssaker.

Eit siste viktig krav er at barn som har vore lange i Norge får ei ny handsaming av saka si i UDI etter den nye forskrifta. Dei ønskjer då vektlegging av tilknytinga barna har til Norge, og at dei får advokatbistand.

Knagenhjelm trur det at tusenvis av nordmenn samlar seg for å vise si misnøye med dagens praksis skal påverke politikarane, og få dei til å endre lovverket.

– Vi vil vise at vi er mange blant folket i Norge som synest at vi må få ei ny forskrift. Ei forskrift som seier at asylbarn skal få prøve sine saker individuelt.

– Dette er det politikarane som må få til, dei må gjere ein jobb med lovverket. Vi vil vise at det er ei grasrotrørsle og få politikarane til å engasjere seg, seier Knagenhjelm.

(Artikkelen held fram under biletet)

Maria Kirkeide Ravnå heldt appell på støttemarkering for asylbarn

APELL: Bistandsadvokat Maria Kirkeide Ravnå heldt appell på støttemarkering for asylbarn. Sjå video av appellen øvst i saka.

Foto: Christian Blom

Meiner Ap er problemet

Blant dei som heldt appell under markeringa i Sogndal var stortingskandidat for SV, Vibeke Johnsen, og bistandsadvokat Maria Kirkeeide Ravnå.

I Stavanger heldt SV sin stortingsrepresentant Hallgeir Langeland appell. Han er glad for at også enkelte Ap-medlemmer går mot sitt eige parti i saka.

– Det er bra at Ap sluttar seg til, for det er der problemet er. Eg håpar alle Ap sine lokallag sluttar seg til dette og gir beskjed til sitt eige parti. Det er Ap, Frp og Høgre som vil ha denne politikken. Dessverre er desse partia dei største i landet, seier Langeland til NRK.no.

Trur det gjer inntrykk

I Sogndal var Ap-ordførar Jarle Aarvoll til stades under markeringa.

Trude K. Knagenhjelm som var ein av arrangørane håpar han kan ta vidare det engasjementet som folk i området viste.

– Eg trur dette gjer veldig inntrykk på politikarane.

– Ap-ordføraren var på arrangementet, og eg håpar markeringa fekk han til å tenkje seg om slik at han kan påverke inn mot regjeringa, seier Knagenhjelm.