Hopp til innhold

Kommune krev at eigarar fjernar spikartelt

Fjaler kommune krev no at fire heilårscamparar fjernar spikartelta sine frå ein campingplass på Lammetun.

Dei ser ut som hytter. Med spikartelt, terrasse og postkasse. Men slike installasjonar kan ikkje stå kor som helst. I Fjaler krev kommunen at fire av dei blir rivne.

Spikartelt skal vekk!

Stadig fleire nordmenn satsar på tilbygg til campingvogna, såkalla spikartelt, når dei skal realiserre «hyttedraumen».

Men på Lammetun i ytre Fjaler har kommunen slege spikaren i kista for fire av spikartelta.

– Ligg i verna område

– Grunnen er at dei ligg innanfor verna område. Ein midlertidig installasjon kan stå inntil tre til fire månader. Deretter må det søkast om løyve, seier rådmann i Fjaler, Ola Hovland, til NRK.

– Har du inntrykk av at folk flest veit dette?

– Det gjer dei nok ikkje.

Eigaren av campingplassen på Lammetun vil ikkje late seg intervjue av NRK, men han har anka kommunen si avgjersle. Campingplassen er næraste nabo til verneverdige Lammetun kystfort.

Tryggleik er viktig

Det finst ikkje tal på kor mange tusen midlertidige campingløysingar som finst i Noreg, men Norsk Carvan Club stadfestar at trenden framleis er at fleire og fleire vel å setje seg opp eit spikartelt.

– Det vi er opptekne av er at ein har avstand imellom i høve branntryggleiken, og at området er regulert for bruk av spikartelt, seier Arvid Kjøsnes i caravanklubben til NRK.

– Meir etterspurnad

Han får støtte frå mellom andre carvanselgar Bjarte Sunde i Gaular, som sjølv produserer og marknadsfører slike tilbygg til campingvogner.

– Det er behov for fleire campingplassar for fastliggarar, og plassar med heilårsdrift. Det blir det meir og meir etterspurnad etter, seier Sunde.